Skip to content

Trua, rasjonaliteten og erfaringa. Kva med nevrologien?

Bilde-tekst:

Problemet med den duglause hyrdingen. I middelalderen byrja leiarane i den katolske kyrkja å lære at Kristus er så streng av vanlege folk ikkje kan be til han direkte, så dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Det synest som om denne haldninga dukkar opp att i dei utrulegaste samanhengar. Dette har no å gjere med å seie kva som er våre behov og det har no betydning for oss i vårt daglege liv. Det har også med danning og utdanning å gjere. Så korleis kommunisere på ein danna måte?

Psykologien, vitskapen og evangeliet.

Psykologi er læra om sjela og sjelslivet (psyke = sjel) og har tradisjon heilt tilbake til Platon. Den glade bodskapen er no at Gud vil frelse vår sjel for æva og gi oss evig liv ved trua på Kristus. Den psykologiske metoda har tradisjonelt vore intraspeksjon, slik også med psykoanalysa, men då treng vi no Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, så vi får ein referanse i himmelen, så eigentleg frå vi sjå opp dit i staden for å vere innadvende. Dessverre har mange gitt slepp på den referansen, så intraspeksjonen har resultert i tragisk villfaring.

Utviklinga av den nye naturvitskapen viste kor viktig det var å underbygge teoriane med erfaring og det vart ei utfordring for psykologien, så vi fekk erfaringsbasert psykologi. Den kan vel likevel ha ein rasjonell referanse, til samanlikning med realfag og Descartes rasjonalitet. Han trudde på openberring av det fullkomne og då er det på sin plass for oss å forkynne at Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen, slik openberrar han si frelse for oss og slik kjem vi til openberring av det fullkomne. Slik får vi betre åndeleg og rasjonalistisk innsikt.

Ved at vi vender oss til Kristus og velsigner han, blir vi velsigna, så vi blir til velsigning for andre menneske, så vi blir til velsigning for verda. Likevel vert empirismen ofte brukt som argument mot den kristen trua, det vi ser og sansar rundt oss vert brukt som argument mot at menneske skal få ta imot velsigninga. Så det blir til å seie forbanninga i staden for å seie velsigninga. Korleis kan det ha seg? Eg forklarar det med at etter syndefallet, såg Adam og Eva at dei var nakne og derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit. Syndefallet var at dei åt av kunnskapstreet, det var tydelegvis å søke ein kunnskap som verka som argument mot at dei skulle vere velsigna og leve i samfunn med Gud. Og det er tydelegvis mange i vår tid som søker slik kunnskap, men det er kunnskap utan særleg innsikt, det er dårskap. Sidan vart dei no så opptekne av sitt daglege strev også.

Menneska vart dømde til døden på grunn av syndefallet, men Gud forsona verda med seg ved at Kristus døde i staden for oss. På det grunnlaget får vi komme til han og velsigne han og blir velsigna. Så desse argumenta gjeld ikkje lenger.

Så spørst det om ikkje Freuds psykoanalyse er slik kunnskap og vert brukt slik. Metoden var å samtale med pasientane for å finne ut kva som var «feil» i tenkinga deira og feilen kunne vere nettopp eit resultat av syndefallet. Ved å erkjenne det kunne dei vel lære å tenke annleis. Så her trengst den evangeliske forkynninga og det bør i alle fall vere hensikta for kristne prestar og predikantar, eigentleg for alle som forkynner evangeliet. Då blir løysinga uansett å vende blikket opp til Kristus i staden for å sjå på denne verda, seg sjølv og drive intraspeksjon. Og Freuds psykoanalyse er uansett ikkje ein vitskapleg teori og heller ikkje religion og det blir fullstendig feil å framstille den slik. Dersom den vert framstilt slik og brukt slik, så verkar den tvert om forførande. Men er det kanskje ikkje nettopp det som skjer i samfunnet, ved at folk ikkje får svare for seg sjølve?

Den såkalla kjønnsforskinga er tydelegvis nettopp å søke ein slik kunnskap som vert brukt som argument mot at vi skal komme inn i samfunn med Gud og leve i samfunn med han. Så den verkar som Satans snare. Men evangeliet er likevel ein frigjerande bodskap, som set menneska fri frå den.

Freud påstod at menneska vert motivert av seksualitet og aggresjon, det vert også formulert som livsdrifta og dødsdrifta. Det høver no med den naturfaglege påstanden om at livet er ein kamp for tilværet. I fredstid er no likevel ikkje det ein voldeleg kamp, men fredeleg arbeid, sjølv om konkurranse kjem inn på ulike måtar. Hugs også at menneske er det mest høgtståande individet og når vi søker sanning, til dømes i vitskapen, vert den ikkje avgjort ved bruk av makt.

For oss er det vesentleg at Gud utgyt sin Ande over vårt kjøt, så den skal råde over kjøtets lyst, både seksualiteten og aggresjonen. Då får vi den sjølvforståin ga at vi vert motivert av Guds kjærleik og drivne av den Heilage Ande. Då blir formuleringa livsdrifta og dødsdrifta betre, vi kan forstå det slik at det svarar til vegen til livet og vegen til døden, som det er tale om både i det gamle og det nye testamentet. Vi trua på Kristus skal tenke slik at vi er krossfesta med han, så det nye livet han gir oss skal leve i oss. Det har seg no slik at vi får kjenne både dødsdrifta og livsdrifta.

Freud sa også at religiøsitet er avspora seksualitet, ja, dersom religiøsiteten er avgudsdyrking, så har han heilt rett (Rom.1,18). Det ser vi også i det gamle testamentet, avgudane laga av stokk og stein er kalla Lygna, men som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane.

Frå skriftestol til Freuds psykoanalyse.

I den gamle pakt bar øvstepresten først fram eit syndeoffer for seg sjølv og dernest for folket. Denne prestetenesta er førebilete på prestetenesta i den nye pakt (Sak.3-4). Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, så han er øvsteprest etter Melkesedisk vis, til evig tid. Så reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande gjer oss i stand til å forkynne evangeliet for andre. Jesus profeterte likevel om den øydande styggedomen som står på heilag grunn. Det refererer til Daniels profeti som gjekk i oppfyllelse ved at Antiokus 4 Epifanes erstatta øvstepresten med ein øvsteprest som dyrka Zevs og bar fram ein gris som offer for han. Jødane gjorde opprør og frigjorde seg frå det. Men no vart øvstepresten deira konge også og det skulle han ikkje vere etter Moselova. Prestane skulle søke himmelens Gud, sjølv om kongen også dyrka han, så var tenesta hans likevel ein verdsleg autoritet. Men Jesus vart både kongars konge og øvsteprest til evig tida.

Sakarja profeterte om same problemet, som den duglause hyrdingen (Sak.11), han brukte ikkje evangeliets metode, vart ikkje reinsa i Jesu blod og fylt av den Heilage Ande og soleis utrusta til tenesta. Derfor vart han heller ikkje i stand til å lære andre. Så det gjekk ut over folket altså og det var derfor leiinga i den katolske kyrkje i middelalderen påstod at Jesus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Som om synda framleis skilde dei frå Gud, så kom skriftestolane og avlatshandelen, i staden for den evangeliske forkynninga.

Og no verkar det som Freuds psykoanalyse får den funksjonen som skriftestolane då hadde og det sjølv om den einskilde ikkje får svare for seg, verken i skriftestolen eller i ei samtale med ein psykolog eller psykiater. For med kjønnsforskinga vert det gjort til vitskap, men eigentleg er det religion, det er avgudsdyrking.

Psykiaterar er dokterar for følelsar. Freud oppdaga underbevisstheita og påstod at mesteparten av vår kognitive aktivitet er underbevisst og det har dei nyst gjenoppdaga, 100 år seinare. Likevel meite han at det var essensielt at underbevisste følelsar vart bevisste for oss. Her høyrest det ut til at det vert lagt opp til intraspeksjon og vi veit at mange har forvilla seg i det, fordi dei manglar referanse i ein rasjonalitet. Id, ego og superego er grunnkomponentane i Freuds strukturelle teori. Id er senteret for fundamentale instinkt og drifter, det er forankra i det underbevisste og er einerådande i tidleg spedbarns-alder, det er fullstendig underlagt instinktetes krav om umiddelbar tilfredsstillelse og virker utelukkande etter lyst-prinsippet. Driftene som høyrer til id er biologisk betinga og består hovudsakleg av primitive seksuelle og aggresive behov. Id virker ukoordinert og instinktivt, medan ego er den organiserte og realistiske del av psyken. Superego er den kritiske og moraliserande funksjonen, for barnet er det den opplæringa foreldra har gitt det.

Det er noko som skurrar i det som er sagt om id her, det høyrest ut som ei seksualisering av born og verkar som ei reversering av Jesu ord om at vi må vende om og verte som borna, for Guds rike høyrer slike til. I staden vert eigenskapar til vaksne menneske projisert inn i barnet, som om det er drive av seksuelle behov, til samanlikning med vaksne menneske. Synda til vaksne menneske vert overført på barnet, som om det er barnet skuld. Og det er prestar og psykiaterar som tenker og lærer slik? Fordi dei er som den duglause hyrdingen, som ikkje går evangeliets vei. Derfor er dei ikkje i stand til å lære andre. Id verkar meir som ei idiotisk religiøs bortforklaring til erstatning for den vitskaplege forståinga av det, at barnets suttebehov er behovet for næring, behovet for morsmelk.

Og når barnet gjev uttrykk for at det har eit fundamentalt behov, så vil foreldra ikkje kalle det egoisme, men dei vil prøve å forstå seg på det og gi det den kjærleiken og omsorga som det treng. Og korleis kan nokon påstå at «sjølvet» er ein illusjon? Det er nærliggande at poenget er å bortforklare kva det er du sjølv meinar at du treng, for om mogleg å erstatte det med noko anna. Dersom di eiga interesse vert forstått som egoisme og dermed karakterisert som umoralsk, korleis kan då nokon tale si eiga sak? Og korleis kan andre gjere det? Oppfordringa om at vi skal prøve å forstå våre underbevisste følelsar, så dei vert bevisste, er intraspeksjon.

Dette står i motsetnad til det som står skrive i det nye testamentet om at vi skal løfte blikket opp til Jesus og sjå på han. Mykje tyder på at det er ein strategi for å stå imot den kristne vekkinga. Er det kanskje ikkje ormen som prøver å lokke menneska for å få makt over dei gjennom synda? Soleis ligg den maktinteressa i empirismen, som motsetnad til rasjonaliteten. Eg har ikkje noko imot at dei prøver å forstå seg på korleis hjerna fungerer, men det spørst korleis denne kunnskapen vert brukt og kva slags konklusjon dei trekker til slutt.

Jesus sa til folket at dei skulle ikkje vanvørde ein av hans minste små, for engelen til det ser heile tida Faderens åsyn. Eg tenker meg at det er ånda til den vesle. Har det soleis samfunn med Faderen, er Faderen eit utgangspunkt det har å tenke utifrå, vi kan kalle det påstanden p med kunnskapsmengda P. Barnet går ut ifrå at mora elskar det og har omsorg for det og vil gi det morsmelk, vi kan kalle det påstand q1. Det kan også forklarast med at p medfører q1. Seinare i livet finn det at p medfører mange andre påstandar, som q2: får leike og prate, q3: får gå på skule, om det er ein mann, q4: få meg ei kone. Men det er ikkje slik at q4 medfører p og heller ikkje q1. Det er då ikkje slik det er å vende om og verte som småborna. Men at du i vaksne alder kan tru at Gud framleis elskar deg og har omsorg for deg som sitt born, så når ein gut byrjar å verte voksen og innser at han treng hjelp i form av ein kjæraste og ei kone, så kan han komme til Gud med det behovet, i tru og tillit og med von om at Gud vil gi han det.

Lengta som nyfødde born etter den åndelege uforfalske mjølka, så de kan vekse ved den til frelse.

Bibelen brukar suttebehovet som symbol på at vi treng næring for sjel og ånd ved Guds Ord og Guds Ande.

Jesaja.66,10 Gled dykk med Jerusalem,
        og jubla over henne,
        alle de som har henne kjær!
        Fegnast med henne,
        alle de som syrgjer over henne!
    11 Så skal de suga og mettast
        ved hennar trøystefulle barm,
        ja, drikka og gleda dykk
        ved hennar herlege bryst.
    12 For så seier Herren:
        Sjå, til Sion leier eg
        lukke og fred som ei elv,
        og dit skal rikdomen åt folka koma
        som ein fløymande bekk.
        Dei skal bera hennar born på armen
        og vogga dei på fanget.
    13 Som ei mor trøystar son sin,
        såleis vil eg trøysta dykk,
        ja, i Jerusalem skal de få trøyst.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.
     4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:
        Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
        som er utvald og dyrverdig;
        den som trur på han,
        skal ikkje verta til skammar.
     7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,  8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
     9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

Kva skal vi med pedagogisk forsking?

Her er ein artikkel der det vert det fortalt at pedagogiske «forskarar» er meir opptekne av korleis du har det, korleis du føler deg, enn kor mykje du lærer og forventar at lærarane også skal vere det. Så dei spør lærarane om kva som er deira sosiale relasjonar, som du prioriterer og nyttar deg av. Eg sjølv tok praktisk pedagogisk undervisning (PPU) ved Universitetet i Oslo for nokre år sidan og det var stor skilnad på kor interessant det var. Nokre forelesingar var tåkeprat, så eg stussa på kva eg hadde høyrt, lært og fått med meg på ei dobbel-time, om eg skulle prøve å formulere det, så var det som å gripe ut i tåka og ikkje få tak i noko som helst. Og det var spesielt når det var ein kvinneleg, pedagogisk forskar som påstod ho dreiv med empirisk forsking. Eigentleg handla det om noko som var enkelt å forstå og som eg rekna med å vere sjølvsagt, men poenget var visst å finne empirisk grunnlag for om det var slik. Og det er vel ikkje så vanskeleg å forstå at noko slikt kan vere eit bestillingsverk?

Vi må innrømme at bakgrunnen for dette er den filosofiske motsetnaden mellom erfaring og rasjonalitet. Når det gjeld psykologi kan vi seie at det svarar til motsetnaden mellom følelse og forstand, hjerte og hjerne. Men målsetninga er no at vi skal lære og forstå noko viktig og verdifullt. Ein uforstandig empirisme kan brukast mot kva som helst slags kognitiv aktivitet og resultere i at menneske ikkje lærer å forstå noko. Det kan resultere i diktatur og blir største faren ved diktatur.

Maslows behovshierarki er ein motivasjonsteori, den vert framstilt som ei pyramide, der dei mest grunnleggande behova kjem nedst, så det er om å gjere at dei er tilfredsstilt, før ein legg på neste nivå. Det vi lærer på skule og universitet er toppen av pyramida. Poenget er at slike grunnleggande behov skal vere tilfredsstilt, så du føler at du har det bra, så du ikkje vert distrahert av dei.

Men dersom lærarane skulle vere meir opptekne av korleis du har det i staden av kva du lærer, så vil vel det nettopp virke distraherande i undervisninga uansett om du har det bra eller dårleg?!

Her er Maslows behovshierarki framstilt slik at dei mest grunnleggande kjem først (Maslows behovspyramide | Skolediskusjon.no ) :

Fysiologiske behov: Dette er de mest grunnleggende behov for å overleve, som vann, mat, søvn, pusting osv.

Trygghetsbehov: Mindre grunnleggende behov som personlig trygghet, økonomisk sikkerhet, familiesikkerhet og trygghet i egen helse. Det er også et behov at de fysiologiske behovene er dekket i fremtiden.

Sosiale behov: Når både de fysiologiske behovene og sikkerhetsbehovene er oppfylt kommer behovene for tilhørighet. Eksempler kan være behov for familie, vennskap, sosialt liv og tilhørighet i samfunnet.

Anerkjennelse: Hvis alle de tidligere behovene oppfylt søker man etter selvtillit, selvsikkerhet , respekt og anerkjennelse for det man presterer.

Selvrealisering: Når alle behovene er på plass kan man begynne å søke etter de ultimate målene som er på et mer spirituelt nivå. Det siste behovet er å bli et bedre menneske og unngå fordommer, arroganse, og forbedre moral og kreativitet.

Dei nedste behova er «mangel-behov», dei øvste er «vekst-behov». Det siste skil seg frå tidlegare behovsteoriar, så her bygger han bru mellom teoriar som hevdar vi er underlagt og styrt av våre ubevisste behov (som i psykoanalysen) og den humanistiske tradisjonen, som legg meir vekt på vårt indre, bevisste sjølvstende.

(Imsen, Gunn: Elevens verden, Innføring i pedagogisk psykologi. 4.utg. Universitetsforlaget 2008. s. 384).

Jesus sa at Gud kler graset og gir fuglen mat (Matt.5), så då vil han no la oss også få mat og kle og det som kroppen treng. Det har også den forklaringa at det er naturleg, Men her er også eit poeng med at graset og fuglen ikkje arbeider for det og at vi ikkje skal bekymre for kva kroppen treng eller bekymre oss for den dag i morgon. Men vi skal søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Gud og hans rike er meir fundamentalt enn den fysiske og biologiske naturen som han skapte. Så er også vårt behov for han og hans rike og samfunnet med han mest fundamentalt. Det er eit personleg, sjeleleg, åndeleg og sosialt behov.

I desse varme og tørre områda vart det tydeleg at vatn var livsviktig og det vert brukt symbolsk på vårt behov etter Gud. Og eg hevdar at den kjelda som vella opp og vatna jorda i 1.Mos.2 er symbol for kjelda med det levande vatnet. Så det viser korleis Gud skapte livet på jorda gjennom utvikling. Det viser også korleis Gud skaper utvikling og vekst i den einskilde sitt liv.

Ein liknande tankegang finn vi også i vitskapen, det er velkjent. Men merkeleg nok har ikkje teologar og predikantar forstått dette, før eg byrja å skrive om det og det tek tid før lyset går opp for både dei og andre.

Blodomløpet er nødvendig for nervesystemet og det utvikla seg parallelt. Avlange dyr fekk utvikla hjerne fremst og dette vert kalla cephalisering (cephal = hovud). Sjølvsagt fordi den mottek sanseintrykk, spesielet framanfrå og avgjer kvar dyret skal bevege seg. Der er ei utvikling med sephalisering frå flatorm til blekksprut og virveldyr. For virveldyra er der ei utvikling frå niøye til hai, kvastfinne-fisk, amfibier, krypdyr og fuglar, pattedyr. Dei har framhjerne, midthjerne og bakhjerne. For hai og pattedyr er midthjerna forholdsvis liten. Framhjerna har ein utvekst som vert kalla olfactory bulb, men for pattedyra er den borte. Den er for luktesansen og for fisk og krypdyr er den spesielt stor.

(Campbell m.fl. Biology, A Global Approach, tenth edition. Pearson Education Ltd. 2015, England. Side 1148-1153). Eg skifter mellom å referere til faglitteratur og skrive kva eg sjølv tenker og meiner. Då er det viktig å sjå kvar eg skifter, så eg kan markere det med henvisning til litteraturen.

Kong Salomo sa at når Gud skapte, så var visdomen bygningsmann hos han.

S.Ordt.8,29 Då han sette grense for havet,

så vatnet stansa der han baud,

og han la grunnvoll under jorda,

30 då var eg bygningsmann hjå han.

Eg var til glede for han dag etter dag

og leika meg støtt for hans åsyn.

31 Eg leika på heile hans vide jord

og hadde min hugnad i menneskeborna.

I 1.Mos.2 er det sagt at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. I 1.Mos.1 er det sagt at jorda var aud og tom og mørker låg over havdjupet, men Guds ande sveiv over vatnet. Då sa gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Og Paulus sa at han som sa at lys skulle skine fram frå mørket, han har late det skine i våre hjarte. Men vi har denne skatten i leirkar. Ja, for kroppen vår er laga av mold og er skrøpeleg og forgjengeleg, men den dyrebare skatten er evig, for han har gitt oss det evige livet ved trua på Kristus.

Livet vart planta i oss ved Guds Ord, den planten skal vekse og til det trengst det vatning. Vi som tilhøyrer Kristus er hans kyrkje, den er ein kropp som han er hovudet for og vi skal vekse opp til han som er hovudet. Til det trengs det næring ved Guds Ord og ved at den Heilage Ande openberrar det for oss. Slik er dette ei slags cephalisering, men dette hovudet er ikkje synleg for det fysiske auget. (1.Pet.2,2 2.Pet.3,18 Jak.1,21 Ef.4,15).

Ved trua på Jesus får vi oppleve at han gir oss ånd og liv så vår hjerte og vår sjel vert levande. Slik får vi visdom frå Gud i hjartet. Gud gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande. Anden open berrar Ordet for oss, så vi innser at Kristus er Sanninga som set oss fri. Det overgår vår forstand, men det er likevel fruktbart for vår forstand.

Midthjerna hos menneske er berre den midtre del av ryggmargforlenginga og den kommuniserer direkte med hjertet gjennom det parasympatetiske nervesystemet som gir kroppen beskjed om «kvile og fordøy» og indirekte, gjennom ryggmargen, gjennom det sympathetiske nervesystemet, når beskjeden til kroppen er «kjemp eller flykt». Nevrotransmittaren er acetylcholin, men nevrona frå ryggmargen ut i kroppen kjem til synapse-senter og i nevronet som leier vidare ut til musklane er det noradrenalin som er nevrotransmittar. Derfor vert reaksjonen annaleis. Tett ved sida av ryggmargforlenginga er hormon-kjertlar, hypothalamus og hypofysen, som gir kroppen beskjed gjennom hormonsystemet. Ryggmarg-forlenginga har med føleslar å gjere og det har også sentrale delar av hjerna rundt den, her finn vi også korttidsminnet. Så dette svarar nok til det vi i litteraturen kallar hjertet. Det følest som vi føler med hjertet, men det har nok å gjere med at desse sentrale delane av hjerna kommuniserer med hjertet og heile blodsystemet, både gjennom nervesystemet og hormonsystemet.

Vi klarer ikkje å tenke med hjertet slik som med hjerna, men det er viktig for oss å tru på Gud og hans Ord med hjertet, så vi får visdom i hjertet. Då blir det også fruktbart for forstanden. No tenker eg altså på desse mest sentrale delane av hjerna som hjertet og plasserer forstanden i storehjerna. Når Gud gir oss visdom i hjertet, blir det også forstandig og det er no viktig for at det skal kommunisere godt med hjerna (storehjerna). Slik frå vi harmoni mellom hjerte og hjerne. Så det skulle verte fruktbart for storehjerna og dermed for læringsprosessen i skulen.

VG.NO

Hva skal vi egentlig med pedagogisk forskning?

Tenk om pedagogene for én gangs skyld kunne forske på noe nyttig.

Realist som trur på Jesus. Hjerte og hjerne. Metodene i evangeliet og metodene i realfag.

Eg har vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, trur eg og meinar eg at eg får det til å stemme. Det heng nok saman med at hjertet har ei rolle og hjerna ei anna rolle, tilsvarande har vi kropp og sjel. Så er der verdslege maktinteresse som melder seg overfor begge rollene, men det er no same mennesket som både har hjerte og hjerne så det er om å gjere å få harmoni.

«Hjertet» i litteraturen er opplagt noko meir enn det biologiske hjertet og eg forstår det slik at det også er dei nedre og sentrale delane av hjerna, som kommuniserer med hjertet og eigentleg resten av kroppen også, både gjennom nervane og hormonsystemet. Språksansen og sansen for matematikk har vi i storehjerna.

 I følgje Paulus kjem trua av forkynninga og forkynninga av Kristi ord, ved å tru at han stod oppatt frå dei døde vert vi rettferdige for Gud og ved å sanne at han er Herre, vert vi frelste. Så dette vert først oppfatta og analysert av storehjerna. Så er det om å gjere at det vert trutt og forstått med hjertet, for det er som såkorn som vert sått i hjertets jord og det er om å gjere at det får vekse så det ber grøde. Det er om å gjere for oss å søke han og elske han av heile vårt hjerte, for slik tek vi imot den kjærleiken Gud har til oss i han, så vi elskar fordi han elska oss først, Gud er kjærleik. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i hjertet, får vi komme inn til Guds kvile (Heb.4). Då blir vi også som såkorn som Gud sår ut i verda og det er om å gjere at det også ber grøde. Kristus gav disiplane sine misjonsbefalinga, men det betyr ikkje at alle av oss skal verte misjonærar. Han er døra inn  til sauene, den som går ikkje gjennom døra vert frelst og dei skal gå inn og gå ut og finne beite. Han leier dei til grøne enger og til vatn der dei finn kvile. Han er komen for at dei skal ha liv og overflod. Det primære her er at han gir dei ånd og liv og det får som konsekvens at dei får det kroppen treng også.

Når eg går ut og møter andre menneske har eg også ei slik dobbeltrolle, først ser og sansar eg dei fysisk, er det høgtideleg så handhelser vi og presenterer oss, så kjem praten i gang. Eg får presentere meg gjennom praten, tale på mine eigne vegne og seie kva eg synest og meiner og det får den andre også. Vi kan finne mykje interessant å prate om, der vi brukar den kunnskapen og innsikta vi har. Samtidig går eg ut på lovnadane i evangeliet og kan fortelje om mi tru på Jesus, med den innstillinga at eg skal sjå at han er med meg. Om den andre har noko slags problem er det om å gjere for meg å fortelje korleis Jesus er løysinga på dei problema. I det eg ser på han, så innser eg korleis han er løysinga på mine problem, så eg med glede kjennest ved han som min frelsar og Herre. Vi kan også gå ut med den hensikt at primært skal forkynne evangeliet for andre, men uansett skal dei få rett til å svare for seg sjølve.

Soleis meiner eg at metodene til evangeliet er sameinleg med metodene i realfag, nettopp ved at den einskilde får moglegheita til å svare for seg sjølv, vi erstattar ikkje det med lygn og baktale. Slik også når ein mann  vil finne seg ei kone og når ei kvinne vil finne seg ein mann, ja, då er dette dess viktigare for dei. Så når eg ville ha meg ei kone, snakka eg først med han Jesus om det, når eg merka at eg byrja å verte glad i ei kvinne, snakka eg endå meir med han om det. Då var det også viktig for meg å få snakke med henne om det, i håp om at ho også ville snakke med han om det. Når vi lever i barnekår hos Gud, har vi rett til å komme til han med alle våre behov, dette er no eitt av dei viktigaste vala i livet og dess viktigare er det for oss å komme til han med det. Då må vi også innrette oss etter det svaret han gir oss. Jesus er Guds Ord, så han er Guds svar til oss. 

1.Pet.1,22  I lydnad mot sanninga har de reinsa dykk, så de kan leva i ekte kjærleik til brørne. Difor må de elska kvarandre inderleg av hjarta! 23 For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæd, ved Guds ord som lever og varer. 24 For
        alt levande er som gras
        og all deira herlegdom som blomen på graset.
        Graset visnar, og blomen fell av.
    25 Men Herrens ord varer til evig tid.
        Dette er det ordet som er forkynt dykk i evangeliet.

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.
     4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:
        Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
        som er utvald og dyrverdig;
        den som trur på han,
        skal ikkje verta til skammar.

Kristen vekking for ungdom. Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. Kva med kampen for tilværet? Kva med puberteten?

På 1970-talet var der ei tverrkyrkjeleg karismatisk vekking, Ungdom i Oppdrag stod sentralt i den, dei tilbaud seg å forkynne i kyrkjelydane og evangelisere utifrå dei, der dei slapp til. Nokre av dei eldre beundra dei for at dei var så frimodig med å vise glede og yngste at dei sjølve hadde vore så frimodige når dei var unge, andre var skeptiske til at dette var den kjøtlege lysta, i følgje Paulus opponerer den mot Anden, men vi skal døyde den ved Anden. Dette var ikkje lett å verte klok på og eg hadde no ikkje vore noko særleg til møtegjengar før eg byrja på gymnaset. Men då byrja eg å gå på møte i den Frie Evangeliske Forsamling. Her også forkynte dei evangeliet som grunnvollen vi har å bygge på og så fungerte nådegåvene, her kom bodskap gjennom tyding av tungetale og eg opplevde det som at Jesus talte til meg personleg.

Ein kristen elev i klassa mi fortalde meg om Freuds påstandar om at mennesket vert motivert av seksualitet og aggresjon og at religiøsitet er avspora seksualitet. Sjølvsagt vart eg noko skeptisk til dette, men det passa no bra med at livet er ein kamp for tilværet i følgje biologien, så det er naturleg. Men sidan vi har fått den Heilage Ande, så skal vi la den råde over lysta. Så kan vi i staden seie at vi vert motiverte av Guds kjærleik og drivne av den Heilage Ande. Sidan har eg oppdaga at Freuds motivasjonslære kan formulerast slik at vi vert motiverte av livsdrifta og dødsdrifta og dette synest høve bra med det som står skrive i Bibelen om vegen til livet og vegen til døden. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna og i Rom.1 er det fortalt at avgudsdyrkinga førde til avspora seksualitet.  I Joh.1 er det sagt at lova kom ved Moses, nåden og sanninga kom ved Kristus. Så vi treng nåde for å lære å kjenne sanninga, ved trua på Kristus får vi den Heilage Ande av berre nåde og den openberrar Guds Ord for oss og leier oss fram til heile sanninga, så den set oss fri. Slik får vi innsikt. Kristus er vegen til Faderen, han er sanninga og livet.

Matt.7,1 Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde!  2 For de skal dømast etter den domen de feller over andre, og det skal mælast opp til dykk med det målet de sjølve mæler med.
     3 Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?  4 Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg ta flisa ut or auga ditt, når det er ein bjelke i ditt eige?  5 Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.
     6 Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.

I det gamle testamentet er det fortalt om mykje krig, så det er då tydeleg at livet var ein kamp for tilværet og det var slik dei tenkte. Men kongane dyrka avgudane og æra dei for sine sigrar og æra seg sjølve som om dei og var gudane som gjorde det. Derfor straffa Gud dei ved at dei fall i krigen og riket deira gjekk til grunne. Og så påstod han at eigentleg var det han som gjorde det heile. Så det var som om skapinga og syndefallet gjentok seg. Likevel heldt han fram med å skape gjennom utvikling. Slik forstår eg første skapingssoga og slik forstår eg faktisk den andre også, sjølv om det her er tale om berre ein mann og kona hans. For det vesentlege poenget her er det personlege Guds-forholdet og kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Gud sette mannen til å dyrke og verne hagen og så ville han gi han ei hjelp som høvde for han. Så er det fortalt at han tok jord frå marka og skapte dyra og fuglane og førde dei fram for mannen, så han skulle gi dei namn. Så det er ikkje vanskeleg å forstå at her vert menneskelivet samanlikna med dyrelivet. Mannen såg nok korleis hanndyra konkurrerte om hodyra i brunst-kampen. Men dette høvde ikkje for menneska, for dei skulle råde over det andre Gud hadde skapt og dyrke og verne Guds hage. Men for seg sjølv fann mannen inga hjelp som høvde for han. Derfor let Gud ei djup svevn falle på mannen og så skapte han kvinna av sidebeinet hans og leidde henne til han, så ho vart ei hjelp som høvde for han. Så det vart ei ny vekking for han, der han erkjende kva Gud hadde gjort for han. Derfor skulle mannen skilja seg frå far og mor og halda seg hos kona si. Så dette handlar om å verte vaksne og sjølvstendige. Så dette talar inn i ungdomstida og pubertetsalderen. Og Paulus forklarar korleis denne bodskapen blir inkorporert i den kristen vekkinga og den kristne kyrkja.

Men etter syndefallet sette Gud strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt. Vi forstår vel at det likevel handlar om menneskelivet. Gud dømde ormen til at han skulle skride på buken. Alle krypdyra gjer no det, så eg tenker meg at det refererer til utryddinga av dinosaurane, dei var dei einaste krypdyra som kunne sette føtene rett under seg og løfte buken frå bakken. Krypdyra og pattedyra har ein felles forfader, men så utvikla dei seg i to ulike retningar. Så her er det viktig for oss å forstå skilnaden på dei to livsformene. Krypdyra vann i konkurransen med pattedyra og utvikla seg til å verte store og sterke, så dei dominerte verda, pattedyra var små og smarte til å gøyme seg vekk, så dette vart deira sterke side. Vi kan godt tenke oss kvifor krypdyra vann i konkurransen med pattedyra. Komodovaranen, til dømes, grev ned egga sine og vernar dei til dess dei klekker. Men då klarer ungane seg sjølve. Av instinkt spring dei gjerne opp i trea og gøymer seg til dess dei vert noko større og dei veit kva dei skal ete. Vi kan kalle det ein medfødt tenkemåte, så kanskje vi endåtil kan kalle det ein rasjonalitet, for å samanlikne med menneska? Anakondaen har ikkje føter, så den har god bakkekontakt og får soleis masse empiri. Ho er mykje større enn hannen og når ho vert brunstig er der ein heil flokk med hannar som parer seg med henne gjennom fleire veker. Til slutt kan ho godt sluke ein av dei. Men det vesentlege i denne samanhengen er at ormen er eit slu rovdyr som typisk snik seg umerka inn på byttet bakfrå og høgg det i hælen. Det kan vere giftig eller det kan vere for å kvele byttet.

Pattedyra måtte vise langt meir omsorg for sine ungar, sjølv med få ungar tok det lang tid, så dei stilte svakt i konkurransen med krypdyra. Men etter at dinosaurane vart utrydda tok pattedyra likevel over og vart dominerande. Og mennesket vart det mest høgtståande pattedyret, med mest omsorg for sine born. Den eigenskapen som er mest typisk for menneska er evna til å tenke symbolsk, slik som med språket og matematikken. Derfor treng vi Guds Ord og at den Heilage Ande openberrar det for oss, så vi oppdagar og forstår symbolikken.

Israels-folket var Guds folk og hans var deira Gud, dei var hans kone, så borna deira skulle vere hans born. Han hadde omsorg for henne og stelte vel med henne og pynta henne som ei dronning. Men ho forstod seg ikkje på det og byrja å dyrke avgudane til nabofolka. Men ho vart trassig og ville ikkje høyre på han. Dei gjorde opprør mot han og det kan forklarast med ei dyrisk lyst og pubertetstrass. Dei vart straffa for det og bortførde til Babylonia, men sidan fekk dei komme tilbake til landet sitt. Dette er førebilete for forkynninga av evangeliet. Det gjekk sameleis med nabofolka deira og evangeliet skal forkynnast for alle folkeslag. Det er mange som står imot og gjer opprør mot han og det kan framleis forklarast utifrå dyrisk lyst og pubertetstrass. Det har vorte tydeleg no nå kvinnerørsla og mange politikarar og geistlege har protestert mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.

Men Paulus sa altså at mannen skal vite å vinna seg si eiga kone i helging.

1.Tess.4,2 De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus.  3 For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor;  4 kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,  5 ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud.  6 Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta.  7 For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv.  8 Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

Vi alle opplever at livet er ein kamp for tilværet, vonleg ved fredelege middel, gjennom fredeleg konstuktivt arbeid. Og vi kjem ikkje fram til sanning som resultat av ein valdeleg brunst-kamp.

 

Ta opp krossen sin og følgje etter Kristus.

Spartakus-opprøret var eit slaveopprør  73-71 f.Kr, det enda med at dei vart krossfesta langs vegen mellom Capua og Roma. Så dette er den historiske bakgrunnen for at Jesus sa at dei som ville vere hans læresvein, måtte kvar dag ta opp krossen sin og følgje han. Han forkynte ein frigjerande bodskap, men det var ikkje opprør mot romarane. Det er sjølvsagt ikkje naturleg for menneske å leve som krypdyr, men korleis kan kvinna si ætt sigre over ormen si ætt. Det enda med at Kristus vart krossfesta, så etter vanleg menneskeleg og verdsleg tankegang var det totalt nederlag. Men Gud vekte han opp att frå dei døde og viste med det at han av herlegdoms Ande var Guds veldige Son, som vann den totale sigeren. Så ved trua på han skal vi sigre saman med han.

Med sin død på korset fordømde han synda i kjøtet. I følgje forteljinga om syndefallet er det først og fremst at mennesket prøver å verte liksom Gud. Så når Gud gjer sitt verk ved sitt Ord og sin Ande, vil menneske gjerne ha det til at det er dei gjer det, dei gjer det opp att og gjer sameleis og kanskje endåtil vil prøve å fullføre det. Sjølv om vi ikkje tenker slik så kan det vere meir eller mindre underbevisst, for det er gjerne slik med kjøtets lyst og hjartets lyst. Sjølv om vi skal søke Herren av heile vårt hjarte og elske han av heile vårt hjarte, så er det ikkje noko vi kan tenke oss fram til eller føle oss fram til. Vi gjer rett i å søke han kvar morgon, men då bær vi også tenke som so at det første vi gjere er å ta opp krossen vår og følgje han, tenke oss at vi er krossfesta med han. Som menneske er vi avgrensa, vi er ikkje gudar, men vil let han gjere sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og så ærar og takkar vi han for det. Då vert det også klart for oss kva vi kan og skal gjere som hans medarbeidarar.

Rom.8,1 Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus.  2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.  3 Det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av den vonde menneskenaturen, det gjorde Gud. For synda skuld sende han sin eigen Son i same skapnad som syndige menneske har, og heldt dom over synda i vår natur.

Vers 2 minner meg om at Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsens ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Dette er så fundamentalt og soleis er det frigjerande.

Kravet om at vi skal ta opp krossen vår og følgje etter Kristus og påstanden om at vi skal sjå oss sjølve som krossfesta med han, høyrest ut til å vere fiendskap mot den einskilde, men paradoksalt nok forkynner vi det som den glade bodskapen, fordi Kristus stod oppatt frå dei døde. Det betyr at den gamle ormeliknande naturen skal døy, for Kristus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Ved trua på han får vi det av berre nåde, då skaper Gud oss i han og slik skaper han oss i si likning. Å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll og å ta opp krossen sin å følgje etter Kristus er god psykologi og pedagogikk, det fører fram til målet og det gagnar den einskilde. Det er det også når eg studerer realfag, så eg hevdar at slik er det for oss som studerer realfag og vi gjer rett i å rekne med det. Dette til tross for at der var sterke interesser som stod imot og som satsa på å infiltrere, når Kristus gjekk her på jorda. Det må vi framleis vere førebudd på og vere på vakt imot.

Kristus er vegen til Faderen, den fører fram til målet, at vi vert frelste for æva og får evig liv. Det handlar om det evige og hinsidige, ja, men det handlar også om noko som Gud gjev oss frå himmelen og det er verdifullt for oss her og no, i vårt daglege liv, vi opplever at Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen. Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born her og no.

Luk.11, 9 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.
    11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»

Der er ein sjukdom mellom Guds folk som han vil lækje. Erkjenne Sanninga eller komme med bortforklaringar. Gå vegen til Faderen eller spore av.

Forføringa er bortforklaring.

Gud skapte alle ting og opphavleg levde menneska i samfunn med han. Han er ånd og han er kjærleik. Forføringa fungerte tydelegvis som bortforklaring, menneska prøvde å forgude seg sjølve med sin kunnskap, soleis prøvde dei å bortforklare at Gud hadde skapt alle ting med sitt Ord. Dei såg at dei var nakne, så kjønnslysta bortforklarde Guds kjærleik og verka som argument for at dei skulle gøyme seg for Gud med dårleg samvit og ikkje ha noko med han å gjere. Og det er tydelegvis det som er poenget med «kjønnsforskinga» også. 

Israelsfolket var Guds kone, men ho vart forførd.

Israelsfolket var Guds kone, så borna deira skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne og pynta henne som ei dronning. Men ho forstod seg ikkje på det og svarde ikkje på hans kjærleik med kjærleik. Dei vende seg bort frå han og byrja å dyrke gudane til nabofolka, avgudar laga av stokk og stein. Slik vart ho ei hore. Ho meite altså at det var dei som hadde gjort henne så rik og pynta henne så flått, som hadde gitte henne oljen og vinene og det fine linet, som ho kledde seg med. Men det var bortforklaringar. Gud tok frå henne det han hadde gitt henne og då gjekk det henne ille. Til slutt vart folket bortførde til Babylonia. Før det åtvara hand dei ved profetane, dei sa at dei gudane som ikkje skapte himmel og jord ikkje var gudar, gudane av stokk og stein var berre stokk og stein, der var ikkje ånd i dei, dei såg ikkje, høyrde ikkje og talte ikkje, der var inga hjelp i dei. Profeten Jeremias profeterte om at dei skulle verte bortførde og det var så nært føreståande at han fekk oppleve det. Han sa at folket var sjukt fordi dei hadde vendt seg bort frå Herren og talte om det som at han sjølv fekk oppleve noko av den sjukdomen i seg.

Jesu kyrkje er hans brud, men i middelalderen vart kyrkja forførd.

Med barnedåpen stilte prestane seg i ei suveren stilling overfor det vesle barnet, som den som skulle lære både det og foreldra det mest fundamentale og det er evangeliet om Kristus (Joh.1&3) og det er no at dei ved trua på Kristus vert frelst for æva og får evig liv og at dei kjem inn i barnekår hos Gud, så dei kan be til han som eit barn ber far sin om gode gåver, får snakke med han  og verte opplærd av han. Men så viser dei seg at den suverene stillinga dei sikra seg overfor borna vil dei oppretthalde overfor dei når dei vert vaksne også, stikk i strid med å lære dei det mest fundamentale, at dei skulle få leve i barnekår hos Gud. 

Då er det svært så rart at leiinga i den katolske kyrkje i Middelalderen påstod at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, men må gå via paven, prestane og helgenane. Som om synda framleis skilde dei frå Gud. Med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Men i staden for å forkynne det, innførde dei avlatshandelen. Og så skulle ikkje prestane ha lov til å gifte seg. Ikkje prestane og nonnene heller. Då er det ikkje vanskeleg å forstå at dette er ei vidareføring av syndefallet og det er fråfallet som er som syndefallet på nytt. For essensen i dette er at dei ikkje vil godta at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal ha noko med Gud å gjere, sagt med andre ord, må dei gøyme seg med dårleg samvit slik som Adam og Eva etter syndefallet. Adam og eva vart utestengde frå Edens hage og i ettertid har det viste seg at det er mange som prøver å framstille seg som ei lærd overklasse ved å stenge andre ute.

Dette er nok den historiske bakgrunnen for at ein mann som kvinner lett blir tiltrekt av, vert kalla ein kvinneforførar, det blir påstått at han forfører kvinna som ormen i Edens hage altså. Så kvinna skal verte forførd altså. Og dersom ein mann trur på Kristus og vil prøve å finne seg og vinne seg ei kone, så brukar dei den forførde kvinna til å lokke han med, så det skal verte meir slik som det vart med Adam og Eva.

Der er ein sjukdom mellom Guds folk, som han vil lækje. Ta opp korset sitt og følgje Kristus.

Hausten 1985, når eg studerte realfag i Oslo, sa Jesus til meg at der var ein sjukdom mellom hans folk og at eg hadde fått oppleve noko av den sjukdomen i meg, men han ville lækje den.

Synd er å spore av frå Guds veg og avgudsdyrkinga gjorde folket sjukt, den førde til avspora seksualitet (Rom.1). Det har Freud rett i, men då må det også vere noko som er rett. Han påstod at menneska vert motiverte av seksualitet og aggresjon, det har si naturlege forklaring, utifrå biologien med utviklingslæra. Kor mykje rett har dei i det? Det kan også formulerast slik at menneske vert motiverte av livsdrifta og dødsdrifta, men då er det som om vi har fått ei litt anna forståing av det, ei betre forståing av det, kanskje? Vi kan samanlikne det med vegen til døden og vegen til livet, som er omtala både i det gamle og det nye testamentet. Gud dømde Adam til døden på grunn av syndefallet, soleis må noko døy for at det skal verte nytt liv. Så dei som vil vere Kristi læresveinar må ta opp korset sitt og følgje han. Kristus døde på korset i staden for oss, derfor skal vi ved trua på han tenke som so at vi er krossfesta saman med han. Den gamle vonde naturen må døy slik, for at det nye livet som han gir oss frå himmelen skal få leve og vekse i oss. Dåpen betyr å verte gravlagd med han, så vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde. Då må vi vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen. Og så må vi ære og takke han for det.

Jesu frelseverk er fullført og fullkome, han er fullkommen. Når vi vender oss til han og lovpriser han som vår Herre og frelsar, så jagar vi mot det fullkomne og det er det ikkje noko å utsetje på.

Fil.3, 12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

Slik forstår eg den kristen vekkinga, inkludert den karismatiske vekkinga. Så her må vi vere på vakt mot avsporing og bortforklaringar. Om nokon vil bruke Freuds psykoanalyse som innvending mot dette, så er det først og fremst bortforklaringane som vert poenget. For hugs at alternativet til kristendomen var keisardyrkinga og avgudsdyrkinga, for kristendomen var poenget at syndserkjenninga skulle føre til av vi bøygde oss for Kristus og kjende ved han som vår frelsar og Herre. Alternativet var ei syndserkjenning som skulle resultere i keisardyrking og avgudsdyrking. Den motsetnaden møter vi framleis, men no vert det forventa at vi skal dyrke politikarane som avgudar. Når vi går denne vegen som fører til Faderen og tek av til ei av sidene, så skal vi få høyre ei stemme bak oss som seier: «Dette er vegen, vandre på den». Den Heilage Ande minner oss om Kristus.

Hjerte, følelse, bevisstheit og forstand.

 Realist som trur på Jesus.

Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde svært gode talent for matematikk. Eg hadde ei viss aning om at kristne leiarar ville rekne med at dåringa ved syndefallet ville resultere i at menneska vart dumme på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, men med tanke på korleis eg hadde lært meg å be, så meinte eg at det trengde ikkje nødvendigvis verte slik. Men det er no ein gong slik at kjærleiken kjenner vi med hjertet, men vi brukar hjerna til å forstå og lære matematikk og realfag elles. No talar eg om «hjertet i litteraturen» og det er noko meir enn det biologiske hjertet, det er også dei sentrale delane av hjerna, der vi har mykje følelsar. Hjerna i denne samanheng er storehjerna, cerebrum, der har vi språksansen og i pannelappen har vi sansen for matematikk. Det verkar som det ligg an til ein motsetnad mellom hjerte og hjerne, kropp og sjel og det er no ikkje bra, for det er då eitt og same menneske. Her kan ulike maktinteressert fort verte som hundar som riv i stykker. Jesus sa no at vi ikkje skulle kaste perler for svin eller gi hundane det som er heilagt, for det ligg ikkje an til å gå bra. Dei vil berre trakke det ned, snu seg mot dykk og rive dykk sund. Paulus talte om motsetnaden mellom kjøtets lyst og Anden, vi får Anden ved trua på Jesus, av berre nåde og då er det viktig for oss å la den råde i vår døyelege lekam. Ved trua på Kristus får vi visdom i hjertet og det er fruktbart for forstanden, så slik kan vi få harmoni mellom hjerte og hjerne. Men då må vi rekne med at sterke verdslege makt-interesser opponerer.

Jesus sa at vi skulle ikkje undre oss over at verda hata oss, for ho har hata han først. Apostelen Johannes sa at vi skulle heller ikkje elske verda eller noko som er i verda, men vi skulle elske Gud fordi han elska oss først. Gud er kjærleik og han elska verda så høgt at han sende Son sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Så vi skal berre ta imot den kjærleiken som Gud har til oss i Kristus og la han elske oss med den, så vi elskar fordi han elska oss først. Vi svarar på hans kjærleik med kjærleik, så då er det framleis han vi elskar, ikkje verda. Likevel så elskar han verda gjennom oss. Hovudpoenget i dette er at han vil skape ei ny jord og frelse menneske for æva, så det også vert menneske på den nye jorda som han skaper. Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Når vi tek imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen, får det konsekvensar for våre liv her på denne jorda og dermed for denne verda, det er no nettopp slik vi vert lys og salt i verda, det er berre på grunn av det som han gir oss frå himmelen.

Kjelda til bevisstheit.

På nokre engelske nettstadar har der vore mykje foredrag og debatt om bevisstheit og fri vilje. Har vi dualisme mellom kropp og sjel eller kan alt forklarast som fysikalske prosessar. Kva er det vi kallar «self», så psykiateren Mark Solms har skrive bok, «The source of consciousness», om kvar finn vi sjølvmedvitet i hjerna og har eit foredrag om det på «The Royal Institution»: https://www.youtube.com/watch?v=CmuYrnOVmfk&t=3045s.  Han fortel at menneske kan ha hjerneskadar og vere sjølvmedvitande, berre ikkje skaden er i «the reticular activating system» i midthjerna, 38 min ut i videoen seier han at der er eit område på 2 kubikk-mm i «parabraccial-regionen», om det er skada, så vert sjølvmedvitet sletta. I «reticulum activating system» har vi den mest grunnleggande bevisstheita, der vert følelsar og bevisstheit generert, som er grunnleggande for høgare form for bevisstheit (42 min). Desse områda kan stimulerast med hormon, når ein pasient vart feilaktig stimulert, vart ho så deprimert at ho yngste å få sleppe å leve lengre. Følelsar er vår mest fundamentale form for bevisstheit og dei er ei utvida form for homeostase, kroppens forsøk på å oppretthalde likevekt. Javel, pedagogen Piaget var også biolog og for han var det viktig at elevane vart motiverte av eit behov for å få likevekt i sine kognitive skjema (52 min). Virveldyra har bakhjerne midthjerne og fram-hjerne, men for pattedyra har midthjerna vore liten i forhold til resten av hjerna. Fuglar og pattedyr har stor hjerne i forhold til resten av kroppen.

Så det er eit lite område sentralt i hjerna som er nødvendig for å gjere oss sjølvbevisste. Ja vel. Men korleis kan vi tale vår eiga sak? Korleis får vi sjølvkontroll? Korleis vert vi sjølvstendige?

Eg har nyleg sett eit VHS-opptak av eit TV-program om hormonane, det det vart sagt at puberteten kjem tidlegare i eit moderne samfunn enn den gjorde i meir primitive samfunn. Og i pedagogikk-boka mi las eg at det viser seg at elevane ikkje klarer å abstrahere så tidleg som dei skulle etter Piagets teori, det går lengre tid før dei vert mentalt og intellektuelt modne nok til det altså. Så dei slit meir med fag som matematikk og fysikk. Og eg har ein sterk mistanke om at det er ein samanheng her.

Jesu brud og Guds born.

I Høgsangen er det fortalt om kjærleiksforholdet mellom kong Salomo og hans brud, ho «lytelause reine». Dette ser vi som symbol på kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud, hans kyrkje. Ho gjentok fleire gangar at ho naudbad Jerusalems døttre om å ikkje vekke kjærleiken før sjølv han so vil. Dei skulle vente og la den modne og det hang no naturleg saman med at dei sjølve som skulle vekse og modnast. Her er det tale om vingarden, der vi kan forstå vinden som symbol på kjærleiken. Seinare talte profetane om Herrens vingard, men den bar ikkje lengre god frukt, så den vart rasert. Og Kristus sa ei likning om ein mann som hadde ein vingard som han leigde ut til paktarar. Men når han sende tenarane sine etter frukta, slo paktarane dei i hel. Slik gjekk det når han sende son sin også. Men den steinen som bygningsmennene vraka har vorte hjørnestein og det er Guds verk (Matt.21,33…).

Jesus sa at den som vil vere i lag med han, må seie nei til seg sjølv og ta opp krossen sin og følgje han.

Matt.16,24 Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. 25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det. 26 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?

Dei skulle ikkje bekymre seg for det som kroppen trengde, men søke først Guds rike og hans rettferd, så skulle dei få alt det andre i tillegg til det. For Faderen har omsorg for sine born. Likevel enda det med at Jesus vart krossfesta, då døde han i staden for oss. Og Paulus sa til dei som hadde kome til tru på Kristus at dei skulle sjå det slik at dei var krossfesta med han og i dåpen gravlagde med han. Og kvifor skulle vi vel drive intraspeksjon i det som er daudt og gravlagt? I dåpen vart dei også oppreist med han ved Guds kraft. Derfor skulle dei vende hugen opp til han og ta imot det som han gir dei frå himmelen. Jesus hadde då sagt at han let dei ikkje vere att som foreldrelause born, for han ville sende dei den Heilage Ande frå himmelen. Då er det no heilt klart at dersom nokon vil prøve å forklare dette med psykoanalyse eller nokon annan form for intraspeksjon, så er det ikkje noko anna enn bortforklaring.

Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og fekk oppleve at Gud openberra si frelse for meg i han.

Jesus, min beste venn.

Eg vart tidleg med i kyrkja og på bedehuset og mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet. Slik vart eg kjend med han og han vart min beste venn. Same kva slags problem eg møtte på, så kunne eg komme til han med det. Eg kjend at eg vart velsigna og hadde det godt med han. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å frelse menneska, som første prioritet og gje meg ei frelst kvinne som kjæraste og kone som andre prioritet. Eg visste at det var viktig å vedkjenne trua for andre, men dette syntest eg var vanskeleg og eg var redd for det. Men eg vedkjende det for han  Jesus og bad han sette meg fri frå den menneskefrykta. For det vart tydelegvis venta at dei kristne skulle framstille seg som betre enn dei andre, på ein eller annan måte, så det viste i det ytre, men då ville det verte konflikt. Dessutan følte eg at det ville verte å framstille meg som noko anna enn det eg var og det ville slett ikkje holde. Men Jesus gjorde sitt verk i mitt indre menneske, så eg merka at kjærleiksforholdet mellom han og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde svært gode talent for matematikk. Eg hadde ei viss aning om at kristne leiarar ville rekne med at dåringa ved syndefallet ville resultere i at menneska vart dumme på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, men med tanke på korleis eg hadde lært meg å be, så meinte eg at det trengde ikkje nødvendigvis verte slik.

To siste åra på ungdomsskule heldt det kriste skulelaget andakt i matfriminuttet to gongar i veka og byrja å gå det. Så vart eg forelska i ei kristen jente som aktiverte seg i skulelaget, eg vil kalle henne «Borgny». Eg sende henne eit kjærleiksbrev og ho svarde at ho ikkje følte noko for meg og at ho ikkje var kristen likevel og slutta å gå på andaktene. Eg svarde med å skrive og fortelje henne at eg trudde på Jesus og overtalte henne til å komme tilbake til han. Ho vart overraska over mi trus-vedkjenning og mitt vitnemål og det verka, ho kom tilbake til han. Og slik fekk eg frimod til å vedkjenne mi tru på han og når eg gjekk på gymnaset vart eg ivrig i å vitne om han. Det var Jesus som sette meg fri til å vitne om han slik, no byrja eg å lese meir i Bibelen sjølv og oppdaga at dette stemte med Paulus si lære.

Virtuella.

Jesus sa til disiplane sine at dei skulle tru på han og ta vare på hans ord, elske han og elske kvarandre, så ville han openberre seg for dei, han og Faderen ville komme og ta bustad hos dei. Eg trur og meinar at dette opplevde eg sterkast og klarast når eg påkalla Kristus som min frelsar og Herre når eg var ein liten gutunge og sidan når eg vart forelska i ei jente. I min kjærleik til henne Borgny opplevde eg at Guds kjærleik og Guds Ande var sterk, utan at openberringa av Kristus var særleg klar. Når eg gjekk på gymnaset vart eg kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella, eg merka at eg byrja å verte glad i henne og erkjente for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Men den erkjenninga opna eg meg endå meir for denne kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, eg opplevde det som at ho var i Faderens han og han la henne i mitt hjerte, no talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. I mitt ,kjærleiksforhold til henne opplevde eg at Kristus openberra seg klart for oss, han og Faderen tok bustad hos oss. Denne kjærleiken var rett, så der var ikkje noko vi skulle ha dårleg samvit for, så siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesus oppstode frå dei døde. Hausten 1985, medan eg studerte realfag i Oslo, sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale: «Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve». Slik minna Jesus meg om det som eg nyst har skrive om korleis eg bad for henne Virtuella, eigentleg var det ei takkebøn, eg vedkjende no berre for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, så eg opna meg meir for den og fekk oppleve lovsongen i mitt hjerte, eg takka Jesus for at han hadde frelst henne.

Biola.

Hausten 1988, medan eg fortsatt studerte i Oslo, oppdaga eg henne Biola og syntest ho var så vakker at eg sa til Gud at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Då sat eg på den store lesesalen øvst på Vilhelm Bjerkneshus, 3.etg, der som no er realfagsbibliotek. Nokre dagar seinare, når eg sat der, merka eg at den Heilage Ande minna meg om henne og dreiv meg til å gå ut og ned trappene og når eg kom ned trappa til første etasje, kom ho frå venstre gjekk forbi rett framfor meg. Då sa eg i mitt stille sinn: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Eg trur det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus, at han er vår frelsar og Herre. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne og det heng no saman med at Jesus har hugsa på henne og minna meg om henne. Eg yngste å få møte henne og snakke med henne, slik bad eg også, eg såg henne igjen og møtte henne mange gangar, men noko prat vart det ikkje. Jesus minna meg om at han såg til hjartet.

1.Sam.16,7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.»

Matt.5,8 Sæle dei som er reine i hjarta,
        dei skal sjå Gud.

 Jesus sa at slik som han hadde vore mot meg, ville han vere mot den som eg bad for. Ja, når eg var ein liten gutunge, så var han min beste venn og det har ha vore sidan også og det trur eg han vil vere for henne også. Når eg byrja på gymnaset, kom eg inn i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk eg oppleve at han tala til meg gjennom tyding av tungetale, slik trur eg han vil tale til henne også. I 1995 kjende eg meg einsam og forlatt i Oslo, men Jesus sa til meg at eg skulle snakke med han. Det trur eg ho også får.

Trua og rasjonalitet.

Tru og kjærleik.

Jesus sa at vi skulle ikkje undre oss over at verda hata oss, for ho har hata han først. Apostelen Johannes sa at vi skulle heller ikkje elske verda eller noko som er i verda, men vi skulle elske Gud fordi han elska oss først. Gud er kjærleik og han elska verda så høgt at han sende Son sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Så vi skal berre ta imot den kjærleiken som Gud har til oss i Kristus og la han elske oss med den, så vi elskar fordi han elska oss først. Vi svarar på hans kjærleik med kjærleik, så då er det framleis han vi elskar, ikkje verda. Likevel så elskar han verda gjennom oss. Hovudpoenget i dette er at han vil skape ei ny jord og frelse menneske for æva, så det også vert menneske på den nye jorda som han skaper. Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Når vi tek imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen, får det konsekvensar for våre liv her på denne jorda og dermed for denne verda, det er no nettopp slik vi vert lys og salt i verda, det er berre på grunn av det som han gir oss frå himmelen.

Det er no ein gong slik at kjærleiken kjenner vi med hjertet, men vi brukar hjerna til å forstå og lære matematikk og realfag elles. No talar eg om «hjertet i litteraturen» og det er noko meir enn det biologiske hjertet, det er også dei sentrale delane av hjerna, der vi har mykje følelsar. Hjerna i denne samanheng er storehjerna, cerebrum, der har vi språksansen og i pannelappen har vi sansen for matematikk. Det verkar som det ligg an til ein motsetnad mellom hjerte og hjerne, kropp og sjel og det er no ikkje bra, for det er då eitt og same menneske. Her kan ulike maktinteressert fort verte som hundar som riv i stykker. Jesus sa no at vi ikkje skulle kaste perler for svin eller gi hundane det som er heilagt, for det ligg ikkje an til å gå bra. Dei vil berre trakke det ned, snu seg mot dykk og rive dykk sund. Paulus talte om motsetnaden mellom kjøtets lyst og Anden, vi får Anden ved trua på Jesus, av berre nåde og då er det viktig for oss å la den råde i vår døyelege lekam. Ved trua på Kristus får vi visdom i hjertet og det er fruktbart for forstanden, så slik kan vi få harmoni mellom hjerte og hjerne. Men då må vi rekne med at sterke verdslege makt-interesser opponerer.

Rasjonalistane.

 

Det mekanistiske verdsbildet.

Demokrits atomlære og Newtons lover er fundamentet i den klassiske mekanikken. Dette kom inn i filosofien også, soleis fekk vi det mekanistiske verdsbildet, men då vert det påstått noko meir enn kva der eigentleg er empirisk grunnlag for.

Eg har vore realist som har trutt på Jesus sidan eg var ein liten gutunge og når eg skulle studere realfag, vart det klart for meg at eg støytte på dei same problema som rasjonalistane, Descartes, Spinosa, Leibnitz og Pascal. Med unntak av Spinosa er dei kjende metematikarar.

Hobbes.

Hobbes synest å hevde at kvalitetar og sjelelege fenomen eigentleg er materielle og mekaniske (materialistisk monisme).

Så når eg skulle studere realfag, møtte eg same problema som rasjonalistane, Descartes, Spinosa, Leibnitz og Pascal. Med unntak av Spinosa er dei kjende metematikarar.

Descartes. Psyko-fysisk dualisme.

Descartes meinte den einaste sikre metoden er den deduktivt matematiske og gjorde det til sitt vitskapsideal, slik som Euklids geometri, så då var det viktig å skaffe seg sikre og sanne grunnsetningar, aksiom. Det «kartesiske koordinatsystemet» er oppattkalla etter han. Han vart ein pioner i utviklinga av komplekse tal, der den imaginære eininga i = kvadratrota av -1 vart eit nytt aksiom, slik fekk vi kompleks analyse.

Prøvde han å tenke aksiomatisk i matematikken, så var det vel ikkje så rart at han prøvde det i filosofien også. Hans metodiske tvil var ikkje berre kva det var rimeleg å tvile på, men kva som ein kunne tenke seg å tvile på, det han då kunne vere mest sikker på, det var: «Eg tenker, altså er eg». Han tenkte seg sjela (res cogitans) som eit tenkande, medvite vesen, som ikkje er utstrakt og materien (res extensa) som utstrakt, men  utan medvit. Materien vert forstått ved mekanikken, medan sjela er fri og rasjonell. Han trudde på det fullkomne og ei fullkommen Gud, som vi kan stole på, så han ville ikkje narre oss, verken med vår resonnering eller vår sansing, dersom vi berre er kritiske og metodiske i vår bruk av desse kunnskapskjeldene.

Descartes meinte at naturen (res extensa) er slik dei mekaniske og materialistiske begrepa seier, men sjelene (res cogitans) er ikkje slik. Så vi får ein psyko-fysisk dualisme. Han definerer dei to områda som logiske motsetnadar, samtidig som han påstår at dei påverkar kvarandre, samtidig er der ein årsaks-samanheng som krev ein identitet mellom årsak og verkand. Så der er eit logisk-filosofisk problem med den cartesianske dualismen. Descartes forsvarte fri vilje, så vår vanlege og kvardagslege forståing av fri vilje vert også kalla cartesiansk fri vilje. Det står i motsetnad til determinismen i klassisk mekanikk, men kva med kvantemekanikken som kom seinare?

Psykofysisk paralellisme. Malebranche, Leibnitz, Spinosa.

Malebranche prøvde å unngå det cartesianske dilemmaet ved å nekte for ein årsakssamanheng mellom kropp og sjel og tenkte seg i staden ei psyko-fysisk parallellisme, til samanlikning med to klokker:  Som at når eg vil løfte armen og når armen løfar seg, er det ikkje viljen min som fører til at armen løftar seg, men kropp og sjel er innstilte slik at det skjer parallellt.

Spinosa og Leibnitz tenkte i tilsvarande baner. Leibnitz var samfunnsengasjert på mange område og matematikar og naturvitar med mange fag. Han er kjend for å ha oppdaga differensialrekninga parallelt med Newton. Han godtok dei mekaniske forklaringane, men hevda at naturen likevel er formålsretta, på grunn av ei guddommeleg hensikt.

 

Pascal

Pascal vende seg tidleg til kristendomen. Når Pascal var 16 år, skreiv han ei geometrisk avhandling som gjorde han berømt. Han er kjend for binominal-koeffisientane som han ordna i Pascals trekant. Han talte om hjartets fornuft, samtidig som han argumenterte for at vi verken kunne bevise eller motbevise noko på det religiøse området. Men vi har ikkje noko å tape på å velje å vende oss til Bibelens Gud. Denne eksistensielle erkjenninga og valet er typisk for eksistens-filosofane i vår eiga tid.

Spinosa.

Spinosa kom frå ein jødisk familie som flykta for inkvisisjonene. Han tenkte sjølvstendig og studerte naturfag og Descartes filosofi og derfor vart han utstøytt frå det jødiske samfunnet.

Sitat frå Gunnar Skirbekks «Politisk Filosofi 1» s. 251:

«Det at sanninga skal frigjere oss, er soleis ein tanke vi møter hos Spinoza, liksom vi møter han i ulike utformingar, frå Sokrates og stoisismen, i kristen tenking og i opplysningsfilosofien, fram til Freud og moderne ideologikritikk. Men kva sanninga er og korleis ho frigjer, er sjølvsagt det springande punkt, og kontroversielle punkt.

For Spinoza er den frigjerande og forløysande sanninga noko som spring ut av ei erkjenning av vår tilknytning til totaliteten, ei erkjenning som er tenkt å skulle gi ei utviding av vår identitet.»

I 1660, når han var 28 år gammal, gav han ut skriftet Avhandling om Gud, om mennesket og dets lykke. Det ergjennomgangstema i filosofien hans. Året etter gav han ut Avhandling om reform av forstanden. Folk flest traktar etter ære, rikdom og lyst, men han avviser det som det høgste gode. For han heng det høgste gode saman med den høgste erkjenning og han har fire erkjenningsvegar.

  1. Det vi høyrer vert sagt til oss. Det kan vere noko som vi elles ikkje har moglegheit til å få greie på, det kan vere noko som har skjett for lang borte frå oss eller for lenge sidan.
  2. Det vi erfarer sjølve.
  3. Logiske slutningar.
  4. Direkte intuitiv innsikt.

Dei to første kan vi ofte ikkje vere heilt sikre på. 4 kan vere eit utgangspunkt vi er sikker på og 3 er sikker når vi tenker utifrå eit sikkert utgangspunkt.

I sin politiske filosofi legg han vekt på toleranse, ulike styresett kan ha gode og dårlege side, men det er avgjerande at der er trusfridom, tankefridom og ytringsfridom. I Etikken skriv han om sjela sin natur og opphav og om den ytre påverknaden, affektane og lidenskapane som gjer mennesket til træl og hindrar det i å nå sann lykke. Det attraktive er å frigjere oss frå tilfeldig ytre påverknad, ved å la vår åndelege kraft, vårt eigentlege vesen, forme våre handlingar og vårt liv (Jfr Rom.8,20..). Med forstanden, ved den aktive intellektuelle erkjenninga av alle tings samanheng med Gud, blir vi sjølve frie, fordi vår identitet no femner om altet, og ikkje lenger er eit snevert ego som står i opprivande forhold til det forgjengelege og foranderlege ved isolerte hendingar. Ved denne erkjenninga når mennesket fram til den høgste lykke, i den intellektuelle kjærleiken til Gud. Men den er forårsaka av Gud, den er også kjærleik frå Gud. Sjela sin intellektuelle kjærleik mot Gud er ein del av den uendelege kjærleiken som han elskar seg sjølv med (Jfr. 1.Joh.4,7-21).

Nevrologi og psykiatri.

Nervesystemet.

For å forstå motsetnaden mellom determinisme på den eine sida og fri vilje og deduksjon på den andre sida, kan vi først sjå på korleis nervesystemet verkar. Ytre eller indre stimuli vert oppfatta av ein sanse-mottakar som sender signal gjennom ein afferent nevron til sentralnervesystemet (SNS), det kan respondere med å sende eit signal gjennom efferent nevron til motor-systemet , som kontrollerer musklane eller til det autonome systemet. I det siste er det tre moglegheiter. 1. Sympatetisk divisjon, med respons av typen kjemp eller flykt, nervane går gjennom ryggmargen. I den siste nervetråden ut mot musklane er nevrotransmittaren noradrenalin, tidlegare er den acetylcholin. 2. Parasympatetisk divisjon, med respons av typen kvil og fordøy, nervane går direkte frå den sentrale del av hjerna, øvre del av ryggmargen og ut i kroppen.  Nevrotransmittaren er acetylcholin. 3. Det enteriske systemet er aktivt i fordøyinga, mage, tarm, galleblære og bukspyttkjertel.

Når eit signal frå afferent nerve når ryggmargen, kan den i visse tilfelle gje momentant svar gjennom efferent nerve, til dømes når vi slår på framsida av kneet, så vil foten sparke fram. Ved smerte, som stikk, varme eller elektrisk støt mot handa, vil vi automatisk trekke den til oss. Når noko uventa kjem brått på oss, så vi får oss ein kipp, vil vi hoppe til sides og kanskje sette i eit vræl, men då har nok signalet nått hjerna, så responsen kjem derifrå. Då kan vi kanskje likevel påstå at reaksjonen var determinert, men var det andre menneske som tenkte det ut og forårsaka det? Vanleg vis har vi hatt tid til å tenke oss om og er bra førebudde på kva som vil skje, vi har gjort våre val og held fram med å gjere våre val. Så spørst det berre om kva vi klarar å utføre av det vi har sett oss føre. Då vil det verke svært så rart om nokon hevdar og påstår at vi ikkje har fri vilje. Kva er eigentleg poenget med det? Er det kanskje ikkje at der er ein kvan annan som vil ha sin vilje med oss i staden?

Affekt og følelse.

Spinoza brukte ordet «affekt», det er eit fagord i psykologien. Sitat frå https://snl.no/affekt :

Affekt viser til en persons umiddelbare emosjonelle reaksjon på noe, eksemeplvis at man opplever noe som positivt eller negativt. Emosjon brukes gjerne om en mer omfattende reaksjon der det inngår en bestemt opplevd følelse (for eksempel frykt) for noe man opplever som farlig (kognitiv evaluering) og en bestemt atferd (flukt).

På samme måte som affekt, er humør en emosjonell tilstand, men humør oppleves gjerne uavhengig av en utløsende situasjon eller stimulus og er mer vedvarende. Affekt er gjerne bevisst, men kan ofte være ubevisst.

Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Affekt :

Affekt brukes i psykologien som et overordnet begrep som blant annet dekker emosjonerstemning og sentiment (affektive holdninger til noe). Men for å forstå hva et affekt er, må man forstå komponentene.

Det har ikke blitt oppnådd konsensus rundt hva emosjoner egentlig er[1], men forskere er enige om enkelte aspekter ved dem. Emosjoner kan defineres som en kortvarig og intens respons til viktig stimuli, som har intensjon og som utløser aksjonstendenser, subjektive følelser, tanker og atferd.[2] Intensjon betyr at emosjonen er rettet mot et objekt, for eksempel at en er sint på noen, eller glad for noe. Aksjonstendenser er ifølge Frijda[2] en klarhet til å respondere på spesifikke måter. Hver emosjon er kjennetegnet av egne aksjonstendenser, og de kan sees på som priming mot et handlingsmønster. For eksempel kan sinne bringe med tendenser til aggresjon, mens frykt kan føre til tilbaketrekning.

Følelser er den fenomenologiske, eller den opplevde delen av en emosjon – den delen som er mest fremtredende i bevisstheten. Begrepet er altså ikke et synonym for emosjoner, slik det er i dagligtalen. Emosjoner er også forskjellige fra stemning/ humør (eng. «mood»). Disse er lavintensive og langvarige, og har ingen objekt eller medfølgende aksjonstendenser. Stemning har derimot sterk påvirkning på kognisjon, mens emosjoner i større grad påvirker atferd. Stemning legger også terskelen lavere for at emosjoner skal utløses, samtidig som at en eller flere emosjoner kan gå over til stemning etter hvert som intensiteten senkes.

Sjølvbevisstheit, sjølvforståing, sjølvkontroll og fri vilje.

Psykiateren Marc Solms talte om følelsar og affect som vi har i midthjerna og sa det var vår mest fundamentale bevisstheit, eit lite område der gjer oss sjølvbevisste, så det er kjelda til vår bevisstheit. Desse følelsane kan stimulerast ved hormon-tilsetjing. Ja  vel. Kva så med vår sjølvforståing og korleis kan vi tale vår eiga sak? Kva er hensikta med psykoanalysen? Er det at den einskilde skal få tale si sak eller at ein annan skal få tale si sak i staden? Det er merkeleg kor denne interessa hos dei såkalla lærde dukkar opp igjen gang på gang. Kva med vår sjølvkontroll og vår frie vilje?

Benjamin Libet gjorde eit eksperiment på byrjinga av 1980-talet, der han festa EEG-elektroder til panne-skalpen på ein person som skulle gi eit signal med handa, det også vart registrert elektronisk. Og så skulle forsøkspersonen lese av klokkeslettet når han bestemte seg for å gi signalet. Det viste seg at EEG-elektrodene gav signal om lag eit halvt sekund før han bestemte seg for å gje signalet.

I vårt daglege liv tenker vi som at vi har «kartesisk fri vilje» (oppkalla etter Descartes), at vi får ein ide og vel den og det kan vere å gjere ei handling, vi kan få ein ide om å gå gå ut ein tur og så vel vi det og gjer det. Men så påstår dei at både ideen og vår frie vilje er ein illusjon, til dømes på grunnlag av Libet-eksperimentet, for det viste at hjerna vår bestemte det før vi fekk ideen og gjorde valet, så det var determinert altså.

https://en.wikipedia.org/wiki/Benjamin_Libet

Men andre eksperiment viser andre resultat og konklusjonen er ikkje haldbar, sjå her https://blogs.scientificamerican.com/observations/how-a-flawed-experiment-proved-that-free-will-doesnt-exist/

Så dei tek det for gitt at der er ein motsetnad mellom determinismen i dei fysiologiske prosessane og fri vilje. Men dersom hjerna mi ikkje er meg sjølv, kven er det då? Om det er hjerna mi som gjer valet, så vil no eg påstå at det er eg som gjer valet. Så korleis kan dei påstå at det er ein illusjon?

Illusjon er definert slik, https://snl.no/illusjon:

Illusjon er et sansebedrag eller en feilaktig forestilling som opptrer spontant og er vanskelig å korrigere. I overført betydning kan det bety virkelighetsfjern forhåpning.

Perseptuelle illusjoner kan være basert på eiendommeligheter ved sanseorganene, at sanseinntrykket forekommer i en uvant sammenheng, eller forutgående forventninger.

Vanlige feiloppfatninger av sammenheng (illusoriske korrelasjoner), kausalitet (illusorisk kontroll) og sannsynligheter kalles ofte for kognitive illusjoner.

Virkelighetsfjern forhåpning vert kalla ein illusjon. Men i vårt daglege liv gjer vi stadig val av fri vilje, som til dømes å gå ut og handle eller berre for å gå ein tur. Så gjer vi det og viser dermed at vi har fri vilje, det er ingen illusjon. Men det er deira påstand om at vi ikkje har fri vilje som dermed viser seg å vere ein illusjon. Og så viser det kva slags interesser dei representerer, å prøve å få så stor makt over mennesket at slike sjølvsagde valmoglegheiter blir til ein illusjon for folk. Det spørst kven sine interesser som vert ivaretekne, har dei bestemt seg for at ein manns vanlege interesse for å oppnå noko her i livet ikkje skal verte ivaretekne, så det vert berre ein illusjon? Og så vil dei attpåtil framstille seg sjølve som at dei vil ivareta den einskilde sine interesser og tale den einskilde si sak. Og kvifor det? Det sjølvsagde svaret er at dei vil gjere oss til slavar, så dei kan tene pengar på slavehandelen og at folket trælkar for dei.

Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt.

I Joel.3 er det profetert om at Gud vil utgyte sin Ande over alt kjøt, det får vi oppleve ved trua på Kristus. Han gir oss livets vatn, så det blir i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Eg tenker meg at kjelda som vella opp og vatna jorda i 1.Mos.2 er symbol for kjelda med det levande vatnet, det talar symbolsk og hjertets jord altså. Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livets Ande i nasa hans, så han vart ei levande sjel. Soleis er lova åt livsens Ande fundamental og frigjerande (Rom.8,1-3). Paulus talte om den vonde menneskenaturen som gjorde opprør mot Mose-lova og som så gjerne også vil opponere mot Anden, det er menneske som i si kjøtlege lyst prøver å gjere seg sjølv liksom Gud. Men den går ikkje, når Gud gjer sitt verk, med sitt Ord og sin Ande, er det ingen andre som kan gjere sameleis og fullførd det. Vi kan ikkje verken tenke oss fram til det eller føle oss fram til det.

Moselova var skriven på steintavler, men når Israelsfolket prøvde å tene Gud etter lova, vart det som om dei fekk steinhjarter. Dei søkte han ikkje av heile sitt hjerte og høyrde ikkje på han. Så Gud ville ta ut steinhjarta deira og gje dei kjøt-hjarte i staden og gje dei sin Ande i hjartet. Så er vi då framleis menneske av kjøt og blod, men ved trua på Kristus har vi fått Guds Ord og Guds Ande i hjartet. Slik blir kroppen vår eit tempel for den Heilage Ande. Gud utgyt sin Ande over alt vårt kjøt, så den rører ved alt vårt kjøt. Den openberrar Guds Ord for oss og herleggjer Kristus for oss, som vår frelsar og Herre. Og han sa vi skulle gå ut og bere frukt, frukt som varer. Så det blir som fruktene i Edens hage altså. Det kan vel vere god tankar og idear. Så det kjem etterpå, altså.

Jesus gir livets vatn til vår sjel, så då er det sjela som merker det, han gir liv til vår sjel så den lever. Gud utgyt sin Ande over alt kjøt, så då er det kjøtet som opplever det og kjenner det. Utan at noko anna slags instrument registrerer det, ikkje ein gong EEG-elektroder. Likevel er det ikkje kjøtet som gjer det, det er ikkje noko vi føler oss fram til og heller ikkje noko vi tenker oss fram til. Men Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med Faderen og Sonen, så vi snakkar med Faderen og Sonen.

Freistinga som motsetnad til velsigninga.

Jesus velsigna småborna og sa til disiplane sine at dei skulle la småborna komme til han , for Guds rike høyrde slike til. Dei vaksne må vende om og verte som småborn for å komme inni det.

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei  3 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
     5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Prestane i kyrkja talar vart om dette ved barnedåpen og der gjer dei avtale med foreldra om at barnet deira skal opplærast i den kristne trua. Slik stiller dei seg i ei suveren stilling overfor mennesket som den som skal lære dei det mest fundamentale og kva er det? Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande. Og som hans born får vi komme til han med alle våre behov og får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born, han talar med oss og oppseder oss og lærer oss opp. Vi pratar med han, som hans born og slik er vår ytringsfridom fundamental. Dette er det mest fundamentale.

Då er det svært så rart at leiinga i den katolske kyrkje påstod at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, så dei må gå via paven, prestane og helgenane. Som om synda framleis skilde dei frå Gud, til tross for at Kristus tok den bort med sitt offer ein gong for alle. Så kom skriftestolane og avlatshandelen i staden for forkynninga av evangeliet.

Og det er no mykje som tyder på at prestane og andre lærde prøver å behalde ei slik suveren stilling overfor folket med til dømes psykoanalysen, men å bruke den på menneska utan at den einskilde får svare for seg sjølv, verkar då svært så merkeleg. Med empirismen som vitskapsideal verkar det som ein utspekulert strategi som tydelegvis pregar samfunnet, men det avgjerande spørsmålet er om den einskilde får svarer for seg og nyttar moglegheitene til det.

Jesus åtvara både mot å freiste og å verte freista og å vanvørde ein av hans minste små som trur.

Matt.18,5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.  6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup.  7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
     8 m handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden.  9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
    10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

2.Pet.2,9 Så veit då Herren å fria dei gudfryktige ut or prøvingar, men å halda dei vonde i varetekt til straffa på domedag, 10 fyrst og fremst dei som fylgjer si ureine, sanselege lyst og vanvørder det herreveldet dei har over seg.
        Desse menneska er frekke og sjølvtrygge, og utan å skjelva spottar dei englemakter. 

Mykje av desse freistingane kan vel også kallast erfaring. Og med empirismen som motsetnad til rasjonalismen, kan det vel kanskje også kallast empiri? Men når rasjonaliteten manglar, så manglar vit og forstand og det blir ikkje akkurat vitskap av det. Slik får vi likevel merke motstanden frå «empirismen». Hensikta med det er å få makt over menneska gjennom synda. Men å verte freista til eit slikt nederlag er då ikkje det same som  å verte overtyda. Synds-erkjenninga som vart brukt som argument for keisardyrking gjorde soleis menneska til trælar under synda og avgudane. Men synds-erkjenninga overfor Kristus resulterte i at hans blod reinsa oss frå all synd og så vart vi fylte av den Heilage Ande, slik at den skulle råde i vår døyelege lekam.

Metodene i evangeliet.

Nokre vise menn kom frå austerland og spurde etter den jødekongen som nyst var fødd, for dei hadde sett stjerna hans. Den hadde synt seg for dei i dagsranda, som ei morgonstjerne, altså, og etter at dei hadde spurt seg føre i Judea, leia den dei til dei fann Jesus-barnet (Matt.2). Dette var sikkert nok vismenn som brukte å sjå på stjernene og planetane og visste kvar dei venteleg skulle vere, men så oppdaga dei ei ny «stjerne». Dette var nok ein engel eller ei englehær og korleis kunne dei vite dette om ikkje englar hadde fortalt dei det? Og hyrdingane fekk den same bodskapen frå englar (Luk.2). Så der er ein god grunn til at «stjerne» vert brukt symbolsk om englar (Joh.Op.2-3).

Etter at Jesus var stått opp frå dei døde og hadde gitt disiplane sine misjonsbefalinga, vart han teken opp til himmelen. Dei vart ståande og sjå opp, ja, for han hadde då sagt at i den siste tid skulle det verte trengsel og då skulle dei løfte blikket (Matt.24). Men då var der med eitt to englar som spurde dei kvifor dei stod der og såg opp. Denne Jesus som vart teken opp til himmelen, skulle kome att på same måten som dei såg han fara til himmels. Då for dei tilbake til Jerusalem, for Jesus hadde nyst sagt at dei skulle vente der, til dess dei vart døypte med den Heilage Ande. Slik skulle dei få kraft og verta hans vitne (Apgj.1).

No vert teleskopa retta opp og dei ser mykje lengre ut og så brukar dei matematikk til å rekne på det og utvikle teoriar. Vi brukar storehjerna til å prøve å forstå og lære dette, der ligg sansen for matematikk fremst, i pannelappen. Men når den Heilage Ande blir utgytt over vårt kjøt, så berører den heile kroppen og openberrar Guds Ord for oss, ja, talar til oss frå himmelen. Så det vert oppfatta og forstått med språksansen, som vi har på sidene av storehjerna, først og fremst på venstre side. Men det er også viktig for oss å tru det og skjøne det med hjertet, så det får betydning for korleis vi tenker og føler i den sentrale og nedre del av hjerna. Fordi Gud rører ved oss med sin Ande. Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivand ånd. Han gir oss ånd og liv ifrå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det er forklaringa. Han talar til oss og vi svarar han, vi snakkar med han.

Gud har vitna om Son sin ved Anden, vatnet og blodet og vi tek imot vitnemålet.

1.Joh.5,1 Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar Gud, elskar det som er født av han.  2 På dette kjenner vi at vi elskar Guds born, at vi elskar Gud og held hans bod.  3 Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge.  4 For alt som er født av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.
   
 5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?  6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.  7 Det er tre som vitnar:  8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.  9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

2.Kor.3,4 Denne overtydinga har vi i Kristus, for Guds åsyn.  5 Ikkje så at vi av oss sjølve duger til dette; vi kan ikkje tenkja ut noko, som om det kom frå oss. Nei, vår dugleik er av Gud,  6 han som gjorde oss til tenarar for ei ny pakt, som ikkje byggjer på bokstav, men på Ande. For bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande. 

2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Vi erstattar ikkje dette med andre metode. Det er ikkje noko som vi tenker ut, ikkje noko som vi resonnerer oss fram til og det er heller ikkje noko som vi føler oss fram til. For vi er ikkje liksom Gud og vi prøver heller ikkje å forgude oss sjølve med vår kunnskap. Om ikkje det er eit bevisst val, så kan det likevel fungere slik meir eller mindre underbevisst og då heng det nok saman med verdslege maktinteresser. Dei prøvde å få makt gjennom religionen, ved at dei forguda seg sjølve og gjennom avgudsdyrkinga, men avgudsdyrkinga var synd og førde til synd, sjukdom og avspora seksualitet. Det er framleis mykje verdslege maktinteresser som prøver å få makt gjennom religionen og det kan utarte seg som eit krav om at vi skal føle oss fram til noko som kan verte oppfatta og erkjent som rett eller resonnere oss fram til det. Men her må vi vere på vakt mot at det er å vekke og lokke den gamle vonde naturen som vil forgude seg sjølv med sin kunnskap, så det er som å lokke folk til avgudsdyrking, kanskje det endåtil er meir eller mindre underbevisst. Så det gjer folket sjukt og resulterer i avspora seksualitet. Så det er viktig å væpne seg med den tanken at ved trua på Kristus er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Det som betyr noko er at Gud utgyt sin Ande over vårt kjøt og openberrar Kristus for oss, som vår frelsar og Herre.

Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved den Heilage Ande. Dette er åndeleg og rasjonalistisk innsikt. Det gir oss eit utgangspunkt som vi trur på med hjartet og som vi tenker utifrå og lever utifrå og det er fruktbart for forstanden også. Det høver med deduksjonen i matematikken. Då tenker vi med forstanden, men vi klarer sjølvsagt ikkje å tenke så komplisert med hjartet, med hjartet tenker vi enkelt, vi tenker eigenleg ikkje så mykje, men vi trur på Guds Ord med hjartet og har teke imot hans kjærleik og hans Ande i hjartet og bevarer det der som noko som er verdifullt for oss.

I den gamle pakt vart omskjeringa gjennomført på mannens kjønnslem og det verkar då som ei bevisstgjering av hans sterkaste seksuelle kjensler, men på den måten at det skal ha med Gud å gjere, han skal ikkje gøyme seg vekk med dårleg samvit slik som Adam og Eva gjorde etter syndefallet. Det er symbol for hjerteomskjeringa i den Heilage Ande og det blir tydeleg i den nye pakta.

Rom.2, 28 For rett jøde er ikkje den som er jøde i det ytre, og rett omskjering er ikkje den dei gjer i det ytre, på kroppen. 29 Jøde er den som er jøde i det indre, og omskoren er den som er omskoren i hjarta, ikkje etter bokstaven, men ved Anden. Han får si ros, ikkje av menneske, men av Gud.

Kol.2, 6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han.  7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud!  8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus.  9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt (Joel.3) og den lovnaden får vi oppfylt ved forkynninga av evangeliet. Det betyr då at den rører ved vårt kjøt, alt vårt kjøt, så eg kan til dømes seie at Gud utgyt den over mitt kjøt, så den rører ved alt mitt kjøt, heile kroppen, den er eit tempel for den Heilage Ande. Den openberrar Guds Ord for meg, Kristus er Ordet, han er sanninga som set meg fri. Han sende apostlane sine ut for å gjere alle folkeslag til hans disiplar ved å døype dei til namnet åt Faderen, Sonen og den Heilage Ande. Ja, for Gud er meir fundamental enn den naturen som han skapte og som vi ser og sansar rundt oss.

Snakke med han Jesus når vi studerer realfag.

Deduksjonen og determinismen, metodene i kristendomen og i realfag.

Realisten treng å markere sitt revir ved å hevde at metodane i realfag også er pedagogiske metodar. Dersom vi til dømes har ei utsegn p, med kunnskapsmengde P og vi finn at den medfører q, med kunnskapsmengde Q, så er Q delmengde av P. Dersom q også medfører p, så er P = Q, elles er Q ei ekte delmengde av P. Vi kan ikkje resonnere logisk frå q og konkludere med p, så det vil vere missvisande å kalle dette reversibel tenking, i det minste fordi vi tenker på ein annan måte: det er uproblematisk, det er berre å gå tilbake til utgangspunktet utan å tenke så mykje på det. Om nokon problematiserer over det, så gjer dei faget unødvendig vanskeleg.

Dersom ein matematikar startar med p og beviser q, som ei ny setning matematikken, så oppfattar vi det gjerne som noko sensasjonelt nytt, så det som eg no har skrive verkar som eit «Coloumbi egg», for sidan Q er delmengd av P, har det ikkje ført til ny kunnskap. Vel, kunnskapen Q låg i P, sjølv om vi ikkje innsåg det, vi innsåg det og oppfatta det først etter at dei beviste at p medfører q.

Dersom p til dømes er den distributive lov: a*(b+c) = a*b + a*c, så kan vi til dømes bruke den til å rekne ut rekne ut 7*17, ved å skrive 7*17= 7*(10+7) = 7*10 + 7*7= 70 + 49 = 119. Der er tre sider ved den pedagogiske gevingsten, for det første lærer elevane å rekne i hovudet, for det andre lærer dei den distributive lov ved å bruke den. For det tredje lærer dei ei pedagogisk metode, å lære teorien ved å bruke den, gjerne på konkret eksempel, då vert det også lettare å abstrahere. Vi veit at mange elevar slit med abstraheringa, så eg har ein sterk mistanke om at det er fordi det vert problematisert over det.

Dersom P er Gud og hans Ord, påstanden om at han skapte alt ved sitt Ord kan vi då tenke oss som p medfører q. Gud er ånd, men vi er mold og kan ikkje komme til han i eiga kraft. Det er som om vi sit fast i gjørma. Så vi er heilt avhengige av at han kjem til oss og dreg oss opp og set oss på berget. Slik er den evangeliske forkynninga. Vi kan velje det, men vi klarer ikkje å gjennomføre det sjølve, vi er heilt avhengige av at han kjem til oss, så vi vender oss til han og påkallar han, for kvar den som kallar på Herrens namn skal verte frelst. Kristus gir oss livets vatn av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Han gir oss den Heilage Ande av berre nåde og den openberrar Ordet for oss. Vi ser stykkevis og delt, så det blir som når p medfører q og Q er ekte delmengde av P. Og sidan vi får det av berre nåde, problematiserer vi ikkje over det, men ærar og takkar Gud og Kristus for det.

No er det slik at styresmaktene brukar makt for å gjennomføre det dei vil og det kan vi godt samanlikne med at vi alle brukar makt for å gjennomføre noko. Først tenker vi deduktivt og tek ei avgjere. Når vi gjennomfører det, brukar vi determinismen i naturen, då tenker eg spesielt på entropilova, at entropien aukar er sjølve drivkrafta i energiprosessane. Entropien kan også forståast som tak av informasjon vi kan ha om eit system. Om informasjonen vi kan ha om eit system først er P og sidan Q, så får vi igjen at Q er ei ekte delemengde av P, til samanlikning med deduksjonen. Så vi kan prøve å forstå historia som p medfører q, der p kjem før q. Dette blir sjølvsagt ikkje nøyaktig som deduksjonen, men poenget mitt er igjen at vi kan ikkje forstå tidlegare samfunn utifrå dagens samfunn. Styresmaktene skal hemne uretten. Då er uretten årsak og kjem først og hemnen kjem etterpå. Mange sivilisasjonar har gått til grunne fordi styresmaktene ikkje meistra dette. Uansett må vi prøve å forstå historia slik at årsak kjem først og verknad etterpå. Men når det gjeld den intellektuelle utviklinga, så har vi i dagens moderne samfunn mykje meir sikrare kunnskap enn i tidlegare samfunn og sivilisasjonar. Så det har seg no slik at deduksjonen er noko anna enn determinismen.

Når vi ber til Gud og trur og meiner han svarer oss, så kan det resultere i at vi tenker at p medfører q. Men det er ikkje å forstå slik at det er noko som verken vi eller andre vert tvinga til med makt. Men det er å forstå slik at Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born og den kjærleiken og omsorga vil vi gjerne ha. Som Jesu kyrkje er vi hans brud, han elskar oss og det er som eit frieri, han vinn vår kjærleik med sin kjærleik, så vi svarar han med kjærleik. Då er det litt merkeleg at i Middelalderen påstod leiarane i den katolske kyrkja at Kristus var så streng at folk ikkje kunne be til han direkte, så dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Så oppretta dei skriftestolane og fekk i gang avlatshandelen. Dette var sjølvsagt motivert av maktbehov og pengebegjær, men det var uretten sett i system. Og dei påstår med dette at resonnementet p medfører q  er feil, så dei skal erstatte det med noko anna, til dømes at q medfører p, p medfører r, s medfører t. Ja, gjerne noko som ikkje har noko med saka å gjere i det heile teke. Poenget er at vi ikkje skal få den omsorga som Gud har for sine born. Vanlege folk taper på det. Korleis er det mogleg, endåtil i eit demokrati? Sikkert fordi der er nokre få som ser kortsiktig gevingst av det. Kanskje dei då påstår at vi tenker og meiner noko heilt anna og så vil drive rettssak mot oss for det? Då er det viktig for oss å hugse korleis vi lærde, tenkte og bad til Gud. Når Kristus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere det til minne om han.

I Bibelen vert det påstått at Gud gjer sitt verk i historia likevel, det ser vi både av historieskrivinga og profetiane. Men han gjer også noko som er fundamentalt nytt for oss og det får vi frå hans himmel ved den nåden har gir oss i Kristus. Og det er varig, for Gud elska verda så høgt at hen sende Son sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Vi har mange resonnement av typen p medfører q, utan at q medfører p, både i kristendomen og i realfag og eigentleg i vårt daglege liv. At menneske prøver å forgude seg sjølve med sin kunnskap, kan då forståast slik at dei likevel prøver å resonnere frå q til p eller noko som liknar på p, berre det inneheld mykje meir kunnskap, så det vert å påstå mykje meir, men det er lygnarisk. Eller dei kan prøve å føle seg fram til det og kanskje endåtil setje makt bak det. Men det er lygnarisk og det gjer folk sjuke til sinns. Soleis er avgudane laga av stokk og stein Lygna og avgudsdyrkinga gjorde folk sjuke.

Men som Kristi læresveinar skal vi ta opp krossen vår og følgjer etter han, så vi ikkje brukar slike metodar. Vi skal væpne oss med den tanken at vi er krossfesta med han, så slike metode vert det dermed slutt på. For vi har fått ei anna metode som er betre og som fører fram og det er at vi skal vende oss til Kristus, sjå på han og snakke med han. Han er Guds Ord og det som han lærer oss, fortel vi til andre også. Han er svaret på vår bøn og vi tek imot det som han gir oss. Vi er som små born som tek imot gode gåver frå vår himmelske far. Det er fullt mogleg å bruke desse metodene samtidig som vi studerer realfag eller andre fag.

Sjå på Jesus, snakke med han og snakke med andre.

Sjå på Jesus i ein kvar situasjon.

Bodskapen 17.2.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Når eg høyrde denne bodskapen tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella. Eg får kvile i tru på at han fullfører sitt verk med oss, han fullfører vår tru. Det er ei herleg og vidunderleg kvile og det trur eg heng saman med at han gjer dei til nokre herlege og vidunderlege skapningar.

Bidra med det Gud har gitt i ditt hjerte.

Bodskap gjennom tyding av tungetale 29.3.2015:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og  så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve  ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

Når eg høyrde denne bodskapen så tenkte eg på den lovsangen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande, så igjen tenkte eg først på henne Virtuella og så henne Reella. Sidan kom eg på at om lag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag, talte Jesus til meg om lag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då kom eg i hug at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.

Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

Eg vart opplærde til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Når eg vart noko eldre, forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja be han frelse menneska som første prioritet og gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjeldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja å lese i Bibelen sjølv, oppdaga eg det det stemte med Paulus si lære om at vi skulle la Anden råde i vår døyelege lekam, Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så slik skulle vi få sjølvkontroll i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. For Kristus har som vår frelsar og Herre fått makta over oss ved sin Ande.

2.Kor.3,16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Jesus sa han har kontroll over meg.

Bodskap gjennom tyding av tungetale 25.8.2019:

«Ja, seier Herren, du har søkt meg mange gangar og mange gangar har du gått skuffa bort, seier Herren. Det har ikkje skjett noko og du tvilar på om det i det heile teke skal skje noko. Men eg seier deg, hald ut, mitt barn, hald ut og frykt ikkje. Stol på meg, eg har full kontroll over ditt liv, seier Herren. Eg har full kontroll over deg. Eg ser kva du styrar med, eg ser kva det du – du styrer med i din kvardag, der du går omkring, der du er, så ser eg kva du styrer med og eg veit også kva du skal møte. For eg har full kontroll, stol på meg, seier Herren. For eg har verkeleg full kontroll over ditt liv, så ver ikkje -, ver ikkje -, slutt ikkje å søke meg, for eg vil svare i mi tid, seier Herren. Søk inn til meg og søk meg, av heile ditt hjerte, seier Herren.

Du har mange gangar tvilt på om eg verkeleg lever, seier Herren. Men sjå, eg lever, og eg er den same i dag som i fordums tid. Eg er den same som går omkring i benkeradene her i denne stund. Eg vil røre ved deg i denne stund. Om ikkje du retta opp di hand, eller du – eg ser til ditt inste hjerte og din inste lengsel. Eg vil røre ved deg i denne stund, seier Herren, og det skal verte eit føre og eit etter, seier Herren. Du skal få oppleve at eg kjem til deg. Og eg vil – din lækjedom skal gå over tid, seier Herren. Du skal verte stadig betre av det som du plagest av, seier Herren. Du skal berre få sjå, at når du stolar på meg, av heile ditt hjarte og ikkje tvilar, så skal det skje. Men vit, eg også ser til deg som tvilar, seier Herren. Eg ser til deg som tvilar, eg har deg verkeleg kjær, seier Herren. Du er dyrebar i mine auge og eg vil at du skal stole på meg, eg forlangar det ikkje seier Herren, men eg vil at du skal ta meg på alvor. Og du skal sjå, du skal sjå større ting enn det som du har sett hittil, seier Herren. Du skal få sjå det lille og du skal bli også det store – den store samanheng. Og du skal få sjå, eg er i går og i dag den same, til evig tid. Amen.»

Vere kanal for Guds velsigning.

Gud la lovsangen ned i meg ved den Heilage Ande, det var å lovsynge Gud og Lammet for frelsa. Det betydde også at eg fekk lovprise han med vitet, han talte til meg og eg snakka med han. Ho Virtuella var eit Guds barn, fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Så ho vart ein slik lovsong som Gud la ned i meg ved den Heilage Ande, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne, eg takka Jesus for at han hadde frelst henne og takka Gud for at han hadde født henne på nytt, sidan ho var fødd på nytt av vatn og Ande, var ho ein lovsang i mitt hjerte. Det som var så viktig då, både for meg og henne og for andre også, var at ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen og lovprise Gud og Lammet for frelsa. At ho også skulle få snakke med Kristus som sin frelsar og Herre og snakke med Faderen som hans barn.

I denne samanheng vil eg minne om det gode samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Det betyr at der ikkje er nokon god nok grunn til at vi ikkje skal leve i barnekåret hos Gud, i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. For Kristus er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Jesus lever og han gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Så det kan vel vere at han gir meg ånd og liv i hjertet for å vekke henne opp til liv igjen i samfunn med seg og Faderen. For han sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning og at det er berre ved fylden av den Heilage Ande eg kan vinne siger.

Bodskapen 7.6.2000:

«… som selve velsigneren, og derfor så flyter velsignelsen om, ut i min menighet, derfor skal du også på det, det, det stadium du befinner deg, i den situasjon du befinner deg, så skal du også få lov til i denne stund å ta imot av min velsignelse. La de nå deg, restaurere deg, vederkvege deg, det strømmer styrke, det strømmer hjelp. Og du skal få oppleve, slik som du også har opplevt, at eg vil sende deg hjelp ifrå helligdommen, og støtta deg ifrå Sion. Ja, du skal få kjenne støtten ifra min menighet, og du også skal få oppleva det flyter hjelp ifrå den himmelske helligdom, der eg sitter ved Faderens høyre hånd, …., og der du skal få lov til å bruka den adgang og den vei som mitt blod har opna opp. Du skal med frimodighet få gå lika inn i helligdommen, få oppleva at det strømmer imot deg miskunnhet og nåde til hjelp i rette tid. Eg styrker mitt folk, eg styrker mitt folk. Du skal få lov til å kjenna kraften og velsignelsen, den er midt i mellom dere, og du skal også få vera kanal for desse velsignelsens strømmer, når du vandrer ute blant denne verdens mennesker. Og du skal få bæra min hærlighet med deg, sier Herren. Husk at eg bor ved troen i ditt hjerte. Amen. Amen.»

Eg skal glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår.

Hausten 2014 byrja eg å studere biologi ved Universitetet i Oslo og på ei forelesing kjende eg meg sterkt tiltrekt av ei vakker jente, eg kjende meg tiltrekt av kroppen hennar. Eg opplevde det endå til som om Anden dreiv meg til det, som om det var noko den overtyda meg om, men kor mykje forstod eg av det? Eg vedkjende det for Jesus i kveldsbøna mi og søndagen etterpå svarde han meg slik:

Bodskapen 12.10.2014:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.

Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»

Det minna meg om å glede meg over at han frelser henne Reella og at han frelser henne Virtuella også, ja, for eg trur og håper han frelser dei begge. Men når eg skal glede meg i hans frelse og glede meg i han, så er det no fyrst og fremst fordi han frelser meg. Eg skal ikkje sjå meg om, men sjå opp til han og ha hug på det som han gir meg frå himmelen. Så eg vert fylt av hans Ande, hans salving og hans kraft. Han utgyt sin Ande over alt kjøt, også over mitt kjøt, så han med sin Ande får kontroll over meg og mitt liv. Også ved at han gir meg ei frelst kvinne til kone.

Verte fylt av den Heilage Ande, så den råder i vår kropp. Slik får vi sjølvkontroll og vi tener Gud i Anden.

Kristus har fått makta over alt som menneske heiter, han har fått all makt i himmel og på jord. Når vi påkallar han som frelsar og Herre, gir vi han makt, så vi får oppleve hans frelseskraft i våre liv, vi vert fylte av den Heilage Ande, så vi let den råde i vår døyelege lekam, slik vert vi fri og får sjølvkontroll, for han har fått kontroll over oss. Den som vil vere saman med Jesus, må seie nei til seg sjølv, gløyme seg sjølv og ta opp krossen sin og følgje han.

Kva med litt intraspeksjon? Sjå ikkje på deg sjølv, sjå ikkje på ditt kjøt. Men sjå på Kristus og den ibuande krafta du har fått ved trua på han. Bodskapen 20.3.2019:

«Når eg openberra meg ved elva Jordan, over min elska Son, så opna eg heile himmelen og talsmannen, den Heilage Ande, kom over min elska Son, som ein dueskikkelse. Og eg talte ifrå himmelen, dette er min Son, i han har eg velbehag. Og det skal du få lov til å oppleve, når du er satt inn i han, ved mi makt og mi kraft, så har eg også velbehag i deg. Derfor, så skal du ikkje gå og engste deg, for at du ikkje er god nok. Men eg, Herren, eg har kjøpt deg fri frå Satans makt. Eg har sameina deg med meg sjølv, ved min Sons død. Derfor så skal du ikkje engste deg, derfor skal du ikkje frykte for morgondagen. Men du skal få sjå til meg og eg, Herren, skal løfte deg, på mine heilage armar og du skal få kjenne Andens vingeslag skal bere deg framover, inn i nye høgder, i oppdagingar i den Heilage Ande, skal du få vandre.

For menneske, dei har så lett for å sjå inn i seg sjølv. Men du skal få oppdage, når du blir full av den Heilage Ande som eg har gitt deg, så vil du oppdage meir av sanninga, at i deg sjølv, i ditt kjøt, der bor det ikkje noko godt. Men ha ikkje fokus på det, men sjå på den iboande krafta eg har lagt inn i deg, så skal du få kjenne, at eg har sigra over alt som reiser seg opp imot kunnskapen om meg. Eg med min Ande, eg har bana ein ny og levande veg, slik at du kan komme frimodig ved mitt blod, inn i det høgheilage og du og eg, vi skal ha eit måltid isaman. Og du skal gå inn og gå ut og finne føde. Ja, alt kva du treng til liv og til Guds-frykt, ja, det har du allerie fått i meg, for eg er den oppståtte, levande Jesus Kristus, som døde for deg. Så søk meg no, i denne tid og du skal få kjenne at eg er nær.

For snart så kjem eg, Herren, eg som skal komme, eg vil hente dykk heim til dei evige bustadar, som eg no førebur for dykk. La ikkje denne verda sin gud forblinde dykk. La ikkje denne verda sine krefter få sette dykke fast i synd og elende, men løft ditt blikk opp til meg og du skal få stråle av glede og du vil aldri raudne av skam. For snart så kjem eg, Herren Jesus, eg er din Herre, eg er din frelser, så sett din lit til meg og eg, Herren, skal fullføre mitt verk.»

Sjå ikkje på deg sjølv og dine eigne evner, for Kristus vil reise deg opp i si kraft. Bodskap 5, på Maranata sitt landsstevne 2019 (Eg var der ikkje, men fekk sjå videopptak på internett):

«Eg har lagt min Ande i ditt hjerte, eg har født deg på nytt, til eit levande håp. Du er ikkje kva du ser, men du er kva eg har gjort deg til, seier Herren. Du er ein ny skapning, du er født på ny, du er oppreist i meg. Du er satt med meg i det himmelske. Min Ande og mitt liv er i ditt hjerte og eg ynskjer å fylle deg på nytt, med min Ande. Eg vil fylle deg så det flyt over. Eg vil fylle deg så det livet som er lagt der, det vil flyte og forløyse liv i og gjennom deg. For den som har Sonen, har livet, den som har Sonen, har livet.

Eg kallar deg i tida som kjem til å gå avsides og mate ditt indre med mine lovnadar, å mate ditt indre med mitt Ord, seier Herren, og eg vil reise deg opp til den Guds mann og Guds kvinne som eg har kalla deg til å vere. Sjå ikkje på deg sjølv, sjå ikkje på dine eigne evner, men eg vil reise deg opp i mi kraft. Eg vil reise deg opp i min styrke og mi salving og min Ande vil komme over deg og du vil få sjå; du blir som eit anna menneske, når min Ande kjem over deg, når min Ande får spelerom, når du får reinsa det reine frå det ureine, så skal du få sjå min Ande skal flyte med ny kraft og ny styrke gjennom deg, seier Herren. Men la deg reinse, søk mitt ansikt, omvend deg frå deg sjølv og du skal få sjå min Ande velle fram til nytt liv.

Jesus sa at vi skulle ikkje sjå på det umoglege, men løfte blikket, for han er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Eg skal ikkje sjå på alt det som eg ikkje har, men løfte blikket og sjå på det som eg har, det eg evner, det eg er god på. Gå ut på det eg har og bruke det han har gitt meg. Så eg skal bruke mine evner ved at eg brukar den Anden han har gitt meg, så då vert det også Anden som brukar meg og mine evner. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Bodskapen 22.82021:

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, så han vart min beste venn. Han gav meg det levande vatnet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg bad han frelse menneska som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone som andre prioritet. Når eg byrja på ungdomsskulen, vart det klart at eg hadde svært gode talent for matematikk. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Det er noko som eg kjenner i hjertet og det er enkelt samanlikna med matematikken som eg forstår med hjerna. Eg har Guds kjærleik i hjertet, den er enkel og fundamental i samfunnet og i mi eiga sosialisering. Det er viktig at den er enkel og fundamental nettopp for å bringe flest mogleg menneske saman i eit samfunn, soleis bind den menneske saman, men det er likevel ikkje trældoms band. Sidan den er enkel, er det mange som vil ha det til at den er dum og spottar oss for det, så dei kanskje også spottar denne kjærleiken. Slik prøver dei å framstille seg sjølve som smarte og kloke, men då utartar det seg fort slik at dei ikkje forstår dette som er så enklet og dermed framstår dei som for dumme til å forstå noko som er så enkelt. Soleis vert dei dåra.

Så eg hadde ei viss aning om at mange av dei såkalla lærde ville halde det for å vere dumt, men med mi tru på Kristus var eg overtyda om at det trengde ikkje nødvendigvis vere dumt og heller ikkje verte det. Eg hadde likevel ei viss aning om at det låg an til ein «følelseslada» opposisjon mot min forstand. Og det har vel vist seg å verte langt meir omfattande enn eg hadde tenkt meg.

Men no sa Jesus at eg skulle løfte blikket og sjå på kva eg har, kva eg evner, kva eg er god på. Eg skal løfte blikket og sjå på Jesus og det han har gitt meg frå himmelen, har gitt meg ånd og liv frå himmelen og gjer det framleis. Så eg skal takke han for det og bruke det. I den Heilage Ande skal vi bruke våre naturgåver, så det blir Anden som brukar oss og våre naturgåver. Og eg har no framleis talent for matematikk og for å bruke det i realfag. Med frimod skal eg bruke det i Anden, så den brukar meg og mitt talent.

Når eg vil tenke matematisk, korleis kan eg då samtidig tenke på kvinnfolk? Det blir no vel å tenke med hjertet, som motsetnad til å tenke med hjerna, men eg klarar ikkje å tenke mykje matematisk med hjertet. Men Jesus sa eg skulle ta opp igjen mi vandring med han og då må eg ta opp krossen min. Eg eg forstod det slik at det var sikta til studiane. Han sa eg skulle bruke deg et har fått, så vil han setje meg over større ting. Han minna meg også om å lyde han. Ja, det er no fyrst og fremst å tru på han, så han er det utgangspunktet eg har å tenke logisk ut ifrå. For at det skal fungere, må eg vende meg til han, halde meg til hans ord, elske han og sjå på han og lovprise han som min frelsar og Herre og følgje han, først og fremst ved å gå inn i den himmelske heilagdomen og dernest med kva ein gjer i kvardagen. Det kan også vere å sette seg ned å lese i Bibelen og studere. Eg skal lovprise han som min frelsar og Herre og for at han vil gi meg ei frelst kvinne til kone, at han frelser hennar sjel og soleis frelser henne som kona mi. Å lovprise han for at han frelser hennar sjel er bra for min psyke og det meiner eg er spesielt viktig for meg når eg skal tenke logisk og matematisk. Og då er det henne Biola eg tenker på. Så med tru og lydnad skal eg vinne over opposisjonen.

Vere på vakt mot verdslege maktinteresser som prøver å få makt over oss.

Soleis må vi innvie oss for Gud, for å tene han. Det vart klart for meg at det måtte eg gjere når eg skulle studere realfag også. Vi vil nok oppleve at der er konflikt mellom dette og både verdslege og religiøse makt-interesser, endåtil i kyrkje og kristne organisasjonar, ja, for protesten mot Paulus si lære har no fått fotfeste der og. Vi påkallar Kristus som vår frelsar og Herre, slik at han skal få kontroll over oss med sin Ande.

Prestane gjer avtale med foreldra om at borna skal opplærast i den kristen trua og stiller seg dermed i den posisjonen at dei skal lære dei det mest fundamentale. Som at Gud sende Son sin til verda, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av livets vatn og Ande. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen, så vi får be til han som hans born og får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

I middelalderen påstod leiinga i den Katolske Kyrkja at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane. Og det er merkeleg kor dette synest å dukke opp att i dei utrulegaste samanhengar, ved at andre lærde også prøver å stille seg sjølve i ein slik posisjon overfor vanlege menneske. Og korleis verkar då denne strategien til desse som meinar dei er så lærde at dei skal be i staden for oss og tale i staden for oss? Det verkar som eit moralsk krav om at vi ikkje får komme til Kristus slik som vi er, men må gi oss ut for å vere noko anna. Eigentleg betyr det at vi og våre behov vert fortrengde og erstatta av andre og deira behov. Mi bønn og mine behov vert fortrengde og det vert eg sjølv også. Det verkar som eit forsøk på å overta kontrollen over meg og mitt liv.

Ormen prøver å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet, for å få makt over dei med synda og avgudsdyrkinga. Og menneska med sin kjøtlege natur har så lett for å la seg lokke. Men så viser det seg at slike maktinteresser er komne inn i kyrkja og kristne organisasjonar også, dei prøve rå få kontroll over menneska i staden for Kristus og det er vel ikkje vanskeleg å forstå at det er med interesse av keisardyrkinga mm. Det kan bety at ein kyrkjelyd set Kristus på utsida (Joh.Op.3,14-22), så det vert eit krav overfor deg også, når du kjem der, det kan vere underbevisst. Det må du vere på vakt imot og finne ut av. Men ved å løfte blikket vårt opp til Kristus, får vi oversjå det, for han er suveren.

Kva så med pubertetsalderen, folk har ei forståing av at born er i ferd med å verte vaksne og skal ta meir ansvar og dei har også ei forståing av at dei kan verte opprørske. Og mange forstår det vel som ein motsetnad mellom dette og barnelærdomen til kyrkja og det gjer no tydelegvis prestane også, for korleis kunne dei elles påstå at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte?

Og soleis er det mange som lever eit vilt liv i sin ungdom, men nokre av dei får ei radikal omvending, Jesus gir dei nytt liv og nytt håp og då er det berre å gløyme det som var før. Og så tenker dei seg kanskje at slik skal det vere for meg også, så alt som var før, skal bort. Som om både dei og prestane held det for å vere uhyrleg at det vesle barnet kunne be til Faderen og Sonen og verte bønhøyrd, gutungen kunne be rett og verte bønhøyr og halde fram med det i vaksen alder. Som om han er rivalen, konkurrenten og fienden som dei har vore redde for heilt sidan han var eit spedbarn. For dei er tilbake i den gamle, tradisjonelle moralfilosofiske tenkinga, at det er dei gamle, vise og lærde som skal tale og dei yngre og uvituge må teie stilt og høyre etter. Men problemet deira er at sidan dei ikkje lærde ved å snakke med Gud frå dei var små born og halde fram med det, så manglar dei tydelegvis noko å fare med, når dei vert eldre også.

Saka er den at barnet hadde noko verdifullt, han fekk kjærleiks og omsorg frå Gud Fader, som hans barn og frå sine jordiske foreldre. Det hadde han rett på, som arving, men det var mange som ville fortrenge han for å røve det til seg. At dei stiller seg i ei slik suveren stilling overfor den einskilde viser seg til dømes ved at dei ikkje let han få svare for seg, men talar som ein foss og framstiller det som om dei vinn diskusjonen. Og det som dei kjem fram til med sin hegelianske dialektikk over hovuda på oss, reknar dei med vi berre må godta, endåtil som om det representerer oss. Endåtil som om det er våre meiningar som vi skal verte stilte ansvarlege for. Men eigentleg har dei ikkje villa høyre på oss og ikkje villa tillate oss å seie kva vi sjølve trur eller meinar.

Soleis prøver dei altså å røve frå oss sjølvkontrollen, for å få makt over oss. Kva kan vi gjere med det? Oversjå dei, ved å halde fram med å vende oss til Kristus, løfte blikket opp til han og halde fram med å påkalle han som vår frelsar og Herre. Han gav oss ånd og liv frå himmelen, så det ærar og takkar vi han for og held fram med å vende hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen. Han er den same og han gir oss framleis ånd og liv frå himmelen og styrker oss i vårt indre menneske med si frelseskraft. Så han tek kontroll over oss og slik får vi sjølvkontroll.

Der er ein motsetnad mellom hjerte og hjerne, kropp og sjel. Der er verdslege maktinteresser som satsar på hjertet, andre på hjerna, men det dei ofte har til felles, er at dei eigentleg fortrenger den einskilde, for det er då eitt og same menneske som både har hjerte og hjerne. Allereie frå den einskilde er eit lite barn, vert den sett på som ein konkurrent og det vert tydelegare når han eller ho vert eldre. Så når eg byrja å studere realfag, vurderte dei meg som ein endå farlegare konkurrent. Som om påstanden var at Jesus ikkje hadde kalla og utvalt meg og spesielt ikkje til dette. For i følgje tradisjonell moralfilosofi var slike som meg for dumme og for vonde og skulle framleis vere det. Slike som meg skulle ikkje ein gong få svare for seg sjølv og heller ikkje verte lærde nok til betre å kunne svare for seg.

Evnene for matematikk har vi fremst i storehjerna. Der framme er det visst også vi vel for å ta ei avgjerd, til dømes om å gjere i handling. Sansen for språk har vi på sidene, særleg på venstre side. Og vi lærer ved å snakke med Gud, lese og høyre hans Ord, svare han og be til han. Og vi lærer ved å snakke med andre menneske. Vi lærer ved å bruke språksansen altså. Når vi snakkar med andre menneske, treng det ikkje nødvendigvis vere om noko som vi ser og sansar og soleis erkjenner. Vi vil vel alle tenke konstruktivt for å skape noko nytt og verdifullt. Det kan vi snakke med andre om og så verte samde om eit felles prosjekt. Berre det ikkje er å lage avgudar av stokk og stein, for det er berre slikt som folk lurer seg sjølve og andre med. Nei, pass på i staden å halde fram med å snakke med den levande og sanne Gud.

Kristus er hovudet for si kyrkje og vi skal vekse opp til han.

Jesus sa at han har bestemt at i hans kyrkje skal livet, vekkinga og fornyinga vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det Gud hadde gitt i mitt hjerte. Då tenkte eg først på den lovsangen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande. Sidan kom eg til å tenke på at om lag eit halvt år etter at eg byrja å studere, talte Jesus til meg om lag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.

Eg vart tidleg med i kyrkja og på bedehuset og mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet. Slik vart eg kjend med han og han vart min beste venn. Same kva slags problem eg møtte på, så kunne eg komme til han med det. Eg kjende at eg vart velsigna og hadde det godt med han. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å frelse menneska, som første prioritet og gje meg ei frelst kvinne som kjæraste og kone som andre prioritet. Eg merka at kjærleiks-forholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Seinare, når eg byrja å lese meir i Bibelen sjølv, oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære, Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Soleis er det vesentleg at han er Herre i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Vi vender oss til han og vert fylt av den Heilage Ande og let den råde i vår døyelege lekam, slik får vi sjølvkontroll. Og så skal vi vekse opp til han som er hovudet for lekamen, som er kyrkja.

Ef.4,11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
    14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.

Ved trua på at Gud vekte Jesus opp frå dei døde og ved å erkjenne at han er Herre og ved fylden av den Heilage Ande, har vi sjølvkontroll. Då synest eg det er svært så rart at når vi kjem inn i visse sosiale samanhengar, så vert det kravt at vi skal miste slik sjølvkontroll, slik er det tydelegvis på skule og universitet også og endåtil i kristne organisasjonar og forsamlingar. Og tydelegvis fordi der er ein kvan annan som vil ha slik kontroll over oss i staden.

Men det vi har å gjere då, er å oversjå det og sjå opp til Kristus og vekse opp til han som er hovudet for lekamen. For meg verkar det visst som om livet og Anden som eg hadde før eg byrja å studere og endåtil før eg byrja å engasjere meg i kristne organisasjonar har vorte fortrengt. Men eg skal sjå på Kristus og takke han for at han gav meg det, sjå på det han gav meg og bruke det.

Eg påkalla Kristus som min frelsar og Herre, når eg var ein liten gutunge og han vart min beste venn. Når eg studerte i Oslo, oppdaga eg henne Biola og snakka med Jesus om henne og han leia meg slik at eg møtte på henne og eg fekk dei åndeleg openberring, der han openberra seg for meg og for henne. Seinare, når eg bad for henne, sa han at slik som han hadde vore for meg, ville han vere for den som eg bad for. Så eg rekna med at han ville vere hennar beste venn også, som om han hadde vore det frå ho var ei lita jente (Jfr. Høgsangen8) og at han ville snakke med henne også. Den som har Sonen, har livet, hos han får vi drikke av det levande vatnet, så det blir i oss ei kjelde som veller opp til evig liv, det er Gud sjølv som er kjelda med det levande vatnet. Når Gud gir meg ei frelst kvinne til kone, så ventar eg at ho blir ei slik kjelde med levande vatn for meg (SO.4,23 & 5,15-19). Så eg vil berre halde fram med å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og lovprise han som min frelsar og Herre og for at han vil frelse ei kone til meg også.. Normalt sett skulle eg ha henne her hos meg for lenge sidan, så eg soleis fekk kontroll over mitt eige liv, men det synest umogleg. Men han frelser både meg og henne og då kan han også ordne med det. Det ser eg fram til og vonar på, om så eg må vente til dess han hentar oss heim til seg. Og då er det altså henne Biola eg tenker på.

Eg snakkar med Jesus.

Jesus talar til meg og han har sagt eg skal snakke med han og det gjer eg med dette som eg skriv også. Det som er skrive etter kapittelet «Kva skal vi med pedagogisk forsking» er skrive før eg var på møte i Sion Åheim 30.1.2022 og då svarde Jesus meg gjennom tyding av tungetale. Så samtala held fram her:

2022.01.30. Sion Åheim. Sjå på Jesus. Han gjer alle ting nye. – Sivert’s Speakers’ Corner (blessingsfromheaven.news)

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: